Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
13.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5939045Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Fysioterapeut 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som fysioterapeut. Stillinga har faste arbeidsoppgåver innan fysikalsk behandling/opptrening, aktiv på dag grupper og anna friskliv- og helsefremjande arbeid, samt rehabilitering i institusjon.
Evt andre fagområder innan fysiofaget kan på sikt bli aktuelt å utvikle ved behov og interesse/kompetanse for det.
I denne stillinga får du delta i eit samfunnsnyttig og ansvarsfullt arbeid med trygge støttespelarar. Vi har eit kjekt og fagleg utviklande arbeidsmiljø med høg grad av autonomi der ein sjølv tek ansvar for å organiserer arbeidsdagen. Fysio- og ergoterapitenesta held til i lokale ved Helsetunet i Dale i Sunnfjord. Tenesta har 5 heile stillingsressursar fordelt på ein ergoterapeut og 4 fysioterapeutar inkludert turnuskandidat.
Vi ser etter ein person som har interesse for fysikalsk behandling og frisklivsarbeid/rehabilitering. Vi ynskjer oss ein fysioterapeut som likar å jobbe strukturert og målretta med fokus på pasientoppfølging gjennom arbeidsdagen og som har gode samarbeid- og kommunikasjonsevner.
Arbeidsoppgåver- Fysikalsk behandling/opptrening, mest individuell kurativ fysioterapi men også gruppebehandling ved behov
- Aktiv på dag-grupper og anna friskliv- og helsefremjande arbeid
- Rehabilitering
Kvalifikasjonar
- 3 årig høgskuleutdanning som fysioterapeut med godkjent autorisasjon
- Førarkort kl. B
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Er ansvarsbevisst og strukturert
- God evne til samarbeid og kommunikasjon
- Målretta
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn etter utdanning og erfaring
- Godt arbeidsmiljø
- Erfarne støttespelarar i kollegiet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unntak offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
13.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5939045Se her for andre jobber fra Fjaler kommune