Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
02.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6480495Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Ferievikarar ved Valderøy omsorgsdistrikt sommaren 2026
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobbe ein stad med nærleik til både natur og byliv?
Valderøya i Giske kommune gir deg det beste av begge deler – kort veg til Ålesund sentrum, 10 minutt til Ålesund lufthavn Vigra, og umiddelbar tilgang til fjell, hav og flotte turområde. Her møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og gode moglegheiter for læring og utvikling.
Vi har ledige stillingar som ferievikarar ved Valderøy omsorgdistrikt frå 22.06. – 16.08.2026, og søkjer deg som ønskjer ein meiningsfull og lærerik sommarjobb.
Vi søkjer studentar og offentleg godkjende:
- sjukepleiarar, vernepleiarar, og andre relevante helse- og sosialfaglege høgskuleutdanningar.
- helsefagarbeidarar eller anna relevant fagutdanning
- sjukepleie- og legestudentar
- assistentar
Aktuelle arbeidsplassar er Giske omsorgssenter og heimebasert omsorg. Giske omsorgssenter består av to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling.
Vi har stillingar både på dag/kveld og natt, og eventuell prioritering må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide. Hugs å skriv i søknaden om du ønskjer bonusavtale!
Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling opp til 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Vi ser fram til å motta søknaden din!
Det blir tilsett fortløpande i stillingane.
Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
- God digital kompetanse.
- For tilsette i heimebasert omsorg/praktisk bistand er det krav om førarkort klasse B.
- Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
- Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Personlige egenskaper:
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
Løn blir endra i samsvar med tariffoppgjeret våren 2026, men per i dag gjeld følgjande:
Pleiemedarbeidarar/assistentar: årsløn i heil stilling frå kr 397 000,- til kr 494 200,- etter ansiennitet.
sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar får slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- og bestått 2. år: kr 35 000,- over stigen for assistentløn etter ansiennitet. Dersom løn og tillegg overstig fagarbeidarløn med 16 års ansiennitet vert tillegget redusert tilsvarande maksimal løn på fagarbeidarstigen.
Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert. Legestudentar som har bestått 8 semester får gjeldande sjukepleieløn, men minimum kr 300,- per time.
Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over assistentløn etter ansiennitet. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.
Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Bonusordning:
Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 26 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 17 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at bonusen blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.
Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
02.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6480495Se her for andre jobber fra Giske Kommune
-
Kombiner ein kjekk arbeidsplass med hyggelege kollegaer og vakker natur i sommar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Giske Kommune
VIGRA -
Ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse sommaren 2026
Giske Kommune
VALDERØYA -
Ferievikariat 2026 - Aktivisering og meistring
Vestnes kommune
VESTNES -
Ferievikariat 2026 - Heimetenestene
Vestnes kommune
VESTNES -
Ferievikariat 2025 - Hellandtunet
Vestnes kommune
VESTNES