• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    02.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6476562
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse sommaren 2026

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du ha ein kjekk sommarjobb i 2026?
 
Sommeren nærmer seg med stormskritt, og vi har begynt å planlegge ferieavviklinga. VI treng kjekke og engasjerte ferievikarer i perioden frå 22.06. -16.08.2026. Både gamle og nye søkjarar er velkomne. Vi søker både deg med erfaring frå helse- og omsorgstjenestene frå tidlegare og deg som er nysgjerrig på å prøve noko nytt. No har du sjansen! Vi har ferievikarar som har vore hos oss i mange år, og trivst svært godt. Fleire har også valgt å utdanne seg innan helse fordi dei har likt seg så godt.

Eining Meistring- og psykisk helse leverer tjenester til personer med psykiske lidelser og funksjonsnedsettelser. Tjenestene våre består av barneavlastning, bufellesskap for personer med utfordringer innen rus og psykiske lidelser, bufellesskap for personar med funksjonsnedsettelser samt ambulante tjenester til personar med funksjonsnedsettelser. Du vil få ein unik moglegheit til å lage gode opplevingar og kvardagar for andre menneske.

Eventuell prioritering av arbeidsstad må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide. Hugs også å oppgi i søknaden om du ønskjer bonusordning, jf. under.

Vi søkjer studentar og offentleg godkjende:

  •  sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og andre relevante helse- og sosialfaglege og pedagogiske høgskuleutdanningar. 
  •  helsefagarbeidarar eller anna relevant fagutdanning.
  •  sjukepleie- vernepleie og legestudentar.
  •  lærar- og barnehagelærarstudentar.
  • studentar innan andre relevante helse- og sosialfaglege- og pedagogiske utdanningar.
  •  assistentar. 

Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling opp til 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det blir tilsett fortløpande i stillingane.

Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.
  • Det er ein fordel om søkjarane har førarkort for bil med manuell gir eller kan disponere eigen bil.
  • Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.

Personlige egenskaper:

  • Har evne til å skape gode, trygge relasjonar til både brukarar, pårørande og kollegaer.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Er raus, omgjengeleg og har godt humør.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.

Vi tilbyr:

Løn blir endra i samsvar med tariffoppgjeret våren 2026, men per i dag gjeld følgjande:

Pleiemedarbeidarar/assistentar: årsløn i heil stilling frå kr 397 000,- til kr 494 200,- etter ansiennitet.
sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar får slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- og bestått 2. år: kr 35 000,- over stigen for assistentløn etter ansiennitet. 
Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert. Legestudentar som har bestått 8 semester får sjukepleieløn etter gjeldande tariff, men minimum kr 300,- per time.
Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over assistentløn etter ansiennitet. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.

Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Bonusordning:
Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 26 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 17 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at bonusen blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.

    Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

     

    • Bedrift
      Giske Kommune
    • Søknadsfrist
      02.03.2026
    • Heltid/Deltid
      Heltid
    • Ansettelsesform
      Fast
    • Bransje
      Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
    • Utdanningskrav
      Påkrevet
    • Arbeidserfaring
      Ønskelig
    • Adresse
      6050, VALDERØYA
      GISKE
      Norge
    • Antall stillinger
      1
    • karriere-kode
      6476562
    • Se her for andre jobber fra Giske Kommune