Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
03.11.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6444145Se här för andra jobb från Giske Kommune
Giske Kommune
Fastlegevikariat ledig i Giske kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Giske kommune har ledig fastlegevikariat ved Giske legesenter. Oppstart og varigheit etter avtale.
Det er moglegheit for snarleg oppstart, men det kan også vere aktuelt med vikariat med oppstart i 2026. Varigheit opp til 9 månader (til medio august 2026), med moglegheit for forlenging. Kortare vikariat kan også vere aktuelt.
Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.
Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett avdelingsleiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.
Fastlegevikaren arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av Giske kommune og legen inngår leigeavtale med kommunen.
Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til fastlegevikariatet per i dag.
Deltaking i 9- eller 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.
Legar med norsk autorisasjon som manglar LIS1 kan også bli vurdert for vikariatet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Kvalifikasjoner:
- Autorisasjon som lege, helst med erfaring frå allmennmedisin.
- Oppfyller kompetansekrav for legar i kommunen.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- God på kommunikasjon og samarbeid.
- Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
- Evne til å arbeide strukturert og målretta.
Andre opplysningar:
- Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
- Søkjar bør ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
- Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Vi tilbyr:
- Spanande arbeidsoppgåver
- Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø
- God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar
Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
03.11.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6444145Se här för andra jobb från Giske Kommune
-
Fastlegeheimel ledig i Giske kommune
Giske Kommune
VALDERØYA -
Fastlege med fast heimel ved Straume legesenter.
Øygarden kommune
Straume -
Rettleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Reinhaldssentralen har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Einingsleiar
Aukra kommune
AUKRA