Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.11.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6424962Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Rettleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønskjer du å gjere ein forskjell i folk sine liv? Har du trua på at alle menneske som vil kan komme i arbeid? Trivast du med oppfølging, sakshandsaming og å finne gode løysingar i samhandling med menneske i krevjande situasjonar? Då kan du vere den vi søkjer etter.
Som rettleiar i Nav skal du følgje opp brukarar i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav skal betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik, her under at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er kommunane i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad sitt felles Nav-kontor med om lag 60 tilsette. Teamet du kan bli ein del av består av skikkeleg flinke og trivelege folk. Vi er organisert i fire avdelingar som arbeider på tvers av lokasjonane i Førde, Høyanger Dale og Hyllestad med eigen avdelingsleiar. Vi har også tett samarbeid med Askvoll og Kinn, då vi er regionkontor for Sunnfjord regionen.
Vi har ledig to vikariat:- Rettleiar: Avdeling for levekår
100% vikariat frå 01.02.26 til 31.12.26 med moglegheit for forlenging.
Arbeidsstad: Førde (Arbeid ved lokasjonar i Høyanger, Dale og Hyllestad må påreknast etter behov)
- Rettleiar: Avdeling for oppfølging
100% vikariat frå snarast til 30.06.26, med mogelegheit for forlenging.
Arbeidsstad: Hyllestad (Anna arbeidsstad kan tilpassast for deler av stillinga etter nærmare avtale)
- Oppfølging av eigen portefølje etter nærmare avtale.
- Rettleie og motivere.
- Kartlegge den enkelte sine ressursar og moglegheiter.
- Vurdere bruk av aktuelle tiltak og verkemiddel.
- Samhandling internt og med aktuelle samarbeidsinstansar
- Sakshandsaming etter aktuelt lovverk.
Levekårsavdeling: Sosialtenestelova m.m. Oppfølgingsavdeling: Nav-lova m.m. - Bidra til fagutvikling i eiga avdeling og i kontoret.
Du må ha:
- minimum 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne innan sosialt arbeid, sosial og helsefag eller liknande. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- gode kommunikasjons- og formidlingsevner i norsk, skriftleg og munnleg
- god digital kompetanse
Det er ønskjeleg at du har:
- erfaring med oppfølging, rettleiing og med å motivere menneske med ulike helsemessige og sosiale utfordringar
- erfaring med å koordinere tenester og arbeide heilskapleg
- erfaring med kjennskap til offentleg forvaltning, t.d. sosiale tenester eller arbeidsretta oppfølging
- førarkort klasse B
Vi ser etter deg som:
- har gode relasjonsevner og samarbeider godt med andre.
- har gode kommunikasjonsevner.
- trivast med å arbeide med motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad
- likar å arbeide sjølvstendig og klarar å prioritere i ein hektisk kvardag
- er engasjert, inkluderande og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.11.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6424962Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Helgestillingar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Psykisk helsearbeidar
Hå kommune
VARHAUG -
Tilkallingsvikar Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger -
Tilkallingsvikar Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Helsefagarbeidar 3 x 70%, Sundheimen
Øygarden kommune
Skogsvåg