• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    15.02.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6505067
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Ål Kommune

Fastlegeheimel - Ål legekontor

Offentlig forvaltning

Har du lyst til å jobbe i ein moderne og fagleg oppdatert legeteneste der det er mogleg å kombinere arbeid med fritid- og familieliv? Legekontoret er kommunalt drifta, godt utstyrt og med erfarent og stabilt hjelpepersonell. Her kjem du til dekka bord, då det ikkje er kostnader for sjølvstendige legar å starte i heimelen.

Vil du kombinere ei overkommeleg fastlegeliste og samtidig vere ein del av ei spanande legevakt med godt kvalifisert hjelpepersonell til stades?

Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål legekontor.

Om legekontoret og praksisen
Legane i Ål kommune driv felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 10 fastlegar, 1 LIS 1 lege, 1 legevaktslege og 1 sjukeheimslege. 

Det etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu. Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning i allmennmedisin.

Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Det er moderne lokalar som er godt utrusta til dømes spirometri, ultralyd- apparat, røntgen med videooverføring til Vestre Viken. Det er CT-maskin ved HSS som kan bidra til rask trombolysebehandling samt eigen dialyseavdeling.
Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.

I Ål kommune tilsvarar ei full liste 810 pasientar. På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis. Fordeling av listelengde og fordeling av kommunale oppgåver blir gjort regelbunden i samarbeidsutvalet. Me er fleksible med tanke på avtale, og du vil sjølv kunne ha stor moglegheit til å påverke både listelengde og storleik på kommunale oppgåver. 

Legevakt

Det er etablert interkommunalt samarbeid med kommunar i Hallingdal og det er tilsett 1 legevaktslege for å redusere vaktbelastninga for fastlegane. Det er eige nye legevaktslokaler som er godt utstyrt i same bygg som legekontoret. Legevakt er organisert som følgjande:

  • daglegevaktsamarbeid mellom legane i Ål
  • legevaktsamarbeid med Hol og Hemsedal kommune, lokalisert på Ål, ettermiddag og helg og med fast godtgjersle og tilstadeplikt.
  • interkommunal nattlegevakt med tilstadeplikt for 5 kommunar i Hallingdal, lokalisert på Ål.

Kvalifikasjonar

  • lege med norsk autorisasjon
  • spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
  • god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
  • det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse
  • førarkort kl B

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
  • gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • personleg eigna som fastlege og som kollega
  • det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
  • interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid 

Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.

 Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Me tilbyr

  • lønns og arbeidsvilkår, der ulike avlønningsmodeller kan drøftast.
    • sjølvstendig næringsdrivande med 810 listepasientar ved full liste,
    • fastlønnsavtale
  • triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar
  • moderne og godt utstyrt lokaler
  • tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin, alisavtale og regional rettleiingsgruppe
  • godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og i regionen

 Me ønskjer å gjere kvardagen til tilsette trygg, utviklande og variert. Å jobbe i Ål kommune betyr gode pensjons- og forsikringsordningar, fadderordning. 

Dersom du vil flytte til Ål, så har me fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål. Me hjelper deg å skaffe bustad.

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    15.02.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6505067
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune