Company
Ål KommuneApplication deadline
15.02.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6505067Look here for other jobs from Ål Kommune
Ål Kommune
Fastlegeheimel - Ål legekontor
Offentlig forvaltning
Har du lyst til å jobbe i ein moderne og fagleg oppdatert legeteneste der det er mogleg å kombinere arbeid med fritid- og familieliv? Legekontoret er kommunalt drifta, godt utstyrt og med erfarent og stabilt hjelpepersonell. Her kjem du til dekka bord, då det ikkje er kostnader for sjølvstendige legar å starte i heimelen.
Vil du kombinere ei overkommeleg fastlegeliste og samtidig vere ein del av ei spanande legevakt med godt kvalifisert hjelpepersonell til stades?
Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål legekontor.
Om legekontoret og praksisen
Legane i Ål kommune driv felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 10 fastlegar, 1 LIS 1 lege, 1 legevaktslege og 1 sjukeheimslege.
Det etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu. Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning i allmennmedisin.
Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Det er moderne lokalar som er godt utrusta til dømes spirometri, ultralyd- apparat, røntgen med videooverføring til Vestre Viken. Det er CT-maskin ved HSS som kan bidra til rask trombolysebehandling samt eigen dialyseavdeling.
Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.
I Ål kommune tilsvarar ei full liste 810 pasientar. På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis. Fordeling av listelengde og fordeling av kommunale oppgåver blir gjort regelbunden i samarbeidsutvalet. Me er fleksible med tanke på avtale, og du vil sjølv kunne ha stor moglegheit til å påverke både listelengde og storleik på kommunale oppgåver.
Legevakt
Det er etablert interkommunalt samarbeid med kommunar i Hallingdal og det er tilsett 1 legevaktslege for å redusere vaktbelastninga for fastlegane. Det er eige nye legevaktslokaler som er godt utstyrt i same bygg som legekontoret. Legevakt er organisert som følgjande:
- daglegevaktsamarbeid mellom legane i Ål
- legevaktsamarbeid med Hol og Hemsedal kommune, lokalisert på Ål, ettermiddag og helg og med fast godtgjersle og tilstadeplikt.
- interkommunal nattlegevakt med tilstadeplikt for 5 kommunar i Hallingdal, lokalisert på Ål.
Kvalifikasjonar
- lege med norsk autorisasjon
- spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
- god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse
- førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
- gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
- personleg eigna som fastlege og som kollega
- det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
- interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid
Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.
Politiattest
I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.
Me tilbyr
- lønns og arbeidsvilkår, der ulike avlønningsmodeller kan drøftast.
- sjølvstendig næringsdrivande med 810 listepasientar ved full liste,
- fastlønnsavtale
- triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar
- moderne og godt utstyrt lokaler
- tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin, alisavtale og regional rettleiingsgruppe
- godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og i regionen
Me ønskjer å gjere kvardagen til tilsette trygg, utviklande og variert. Å jobbe i Ål kommune betyr gode pensjons- og forsikringsordningar, fadderordning.
Dersom du vil flytte til Ål, så har me fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål. Me hjelper deg å skaffe bustad.
Send søknad
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Company
Ål KommuneApplication deadline
15.02.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6505067Look here for other jobs from Ål Kommune