• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    14.12.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6472922
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Ål Kommune

Fagarbeidarar / Assistentar

Offentlig forvaltning

  • Har du lyst til å arbeide med barn?
  • Er du student, har tidleg eksamen og er ledig i desember? 
  • Har du eit friår?
  • Har du reiseplanar som skal finansierast?
  • Ønsker du deg ein meiningsfull jobb?

Vi søker medarbeidarar til barnehagane i Ål kommune.

Mellombelse stillingar i inntil 100% etter avtalt periode, men moglegheit for forlenging, i perioden 011225-310726.

Å jobbe i barnehage er ein svært lærerik, varierande og morosam jobb. Du får vera saman med barn, og jobbe med å legge til rette for trygge og fine dagar. Arbeidet med barn er meiningsfylt, og du vil vera med på å gjera ein forskjell.

Du vil jobbe saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte vaksne. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.  Og – du får gode arbeidstider med fri kvar kveld og helg.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller liknande. Men andre med interesse og gjerne erfaring med arbeid med barn, oppmodas og å søkje. 
  • Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg (minimum nivå A2–B1).
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Relevant erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel.

Vi tilbyr

  • Eit arbeidsmiljø som arbeidar for fagleg utvikling.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar.
  • Ein arbeidsplass der humor, glede og fagleg engasjement er høgt verdsett.

Politiattest og søknad

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    14.12.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6472922
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune