• Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    09.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5881076
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune
Ledigt jobb

Askvoll kommune

Fagarbeidar Nipa barnehage - 40% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Nipa barnehage i Askvoll kommune har vi ledig 40% fast stilling som fagarbeidar. 

Nipa barnehage er to avdelingsbarnehage, med 6 tilsette. Vi jobbar for at alle barn skal bli sett, høyrt og forstått, og at barnehagen skal vere ein trygg stad å vere i. Vi jobbar målretta med relasjonsarbeid, og er oppteken av kva relasjon vi har til både barn og vaksne.

Barnehagen deler bygg med Atløy skule, som fører til at vi har eit tett og godt samarbeid med dei. Vi har fokus på det å vere ute og å bevege seg på både små og større turar. Vi nyttar nærområdet aktivt i kvardagen vår, og eit steinkast frå barnehagen har vi ein gapahuk som vi nyttar. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Pedagogisk tilrettelagt arbeid med barna i barnehage, skule og skulefritidsordning
  • Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
  • Medverke til eit godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis bli mellombels tilsett 
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå pedagogisk arbeid

 

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som  

  • har godt samspel med barn og vaksne
  • er aktiv og leiken i barneperspektiv
  • trivs i lag med barn
  • ønskjer å vere i utvikling, og tar i mot rettleiing
  • kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha godt humør

 

Vi tilbyr: 

  • interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • offentleg pensjonsordning (KLP)
  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og lønspolitisk plan i Askvoll 
  • gode moglegheiter for å jobbe meir grunna vikarbehov

Den som vert tilsett må legge fram godkjent politi- og tuberkulinattest før tiltreding.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Företag
    Askvoll kommune
  • Ansökningstiden
    09.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5881076
  • Se här för andra jobb från Askvoll kommune