Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
09.10.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5881076Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 13.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Askvoll kommune
Fagarbeidar Nipa barnehage - 40% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ved Nipa barnehage i Askvoll kommune har vi ledig 40% fast stilling som fagarbeidar.
Nipa barnehage er to avdelingsbarnehage, med 6 tilsette. Vi jobbar for at alle barn skal bli sett, høyrt og forstått, og at barnehagen skal vere ein trygg stad å vere i. Vi jobbar målretta med relasjonsarbeid, og er oppteken av kva relasjon vi har til både barn og vaksne.
Barnehagen deler bygg med Atløy skule, som fører til at vi har eit tett og godt samarbeid med dei. Vi har fokus på det å vere ute og å bevege seg på både små og større turar. Vi nyttar nærområdet aktivt i kvardagen vår, og eit steinkast frå barnehagen har vi ein gapahuk som vi nyttar.
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk tilrettelagt arbeid med barna i barnehage, skule og skulefritidsordning
- Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
- Medverke til eit godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis bli mellombels tilsett
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med erfaring frå pedagogisk arbeid
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som
- har godt samspel med barn og vaksne
- er aktiv og leiken i barneperspektiv
- trivs i lag med barn
- ønskjer å vere i utvikling, og tar i mot rettleiing
- kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha godt humør
Vi tilbyr:
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- eit positivt og godt arbeidsmiljø
- offentleg pensjonsordning (KLP)
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og lønspolitisk plan i Askvoll
- gode moglegheiter for å jobbe meir grunna vikarbehov
Den som vert tilsett må legge fram godkjent politi- og tuberkulinattest før tiltreding.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
09.10.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5881076Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 13.09.2024