Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
12.04.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6578070Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb
Ål Kommune
Fagarbeidar / miljøarbeidar
Offentlig forvaltning
Frå 01.08.26 treng vi inntil 2 fagarbeidarar / miljøarbeidarar på 1-7 trinn ved Nedre-Ål skule.
Den eine stillinga er inntil 100 % fast, medan den andre er på inntil 100 % mellombels fram til 31.07.27.
Vi treng medarbeidarar som kan:
- Følge opp enkeltelevar med helseutfordringar og ulike diagnosar.
- Følgje opp enkeltelevar som treng ekstra støtte i skulekvardagen.
- Arbeide ved skulefritidsordning, både morgon og ettermiddag.
- Arbeide for godt skulemiljø i eit gruppeperspektiv.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar, eller tilsvarande kompetanse / erfaring.
- Ønskeleg med kompetanse, interesse for og / eller erfaring med arbeid med barn / unge.
Personlege eigenskapar:
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer deg som
- Har interesse for, og aller helst erfaring med arbeid med barn og unge.
- Har evne til å skape gode relasjonar og godt samarbeid, både med enkeltelevar, føresette og kollegaer.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
- Kan vera både tydeleg og omsorgsfull i møte med elevane.
- Kan arbeide sjølvstendig og målretta.
- Er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert.
- Har godt humør og pågangsmot.
- Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:
- Ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø.
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver.
- Engasjerte vaksne og barn.
- Rettleiing.
- Pensjonsordning i KLP.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Søknad og politiattest:
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
12.04.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6578070Se här för andra jobb från Ål Kommune