Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
17.05.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6606268Se här för andra jobb från Sula kommune
Sula kommune
Fagarbeidar/assistent skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sula kommune er ei framtidsretta kommune som ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ein nynorskkommune.
Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg, tett på kommuneleiinga. Neste skuleår har vi om lag 420 elevar og 60 tilsette.
Vi er ein MOT-skule som set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktiv og inkluderande ", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru. Sula ungdomsskule er sertifisert som dysleksivenleg. Som BTI kommune har skulen eit nært og godt tverrfagleg samarbeid med andre viktige faginstansar.
Vi har frå 01.08.26 ledig inntil fire stillingar som fagarbeidar/assistent i 70% ved Sula ungdomsskule. Det er snakk om både faste og tidsavgrensa stillingar. Du vil vere ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider for å gje elevane best mogleg læring og utvikling.
Kvalifikasjoner:
Vi søker deg med helsefagleg utdanning og deg som har erfaring frå praktisk arbeid og andre yrkesretta utdanningsprogram.
Du som har fagbrev i barne- og ungdomsarbeid og annan relevant utdanning / erfaring / praksis kan også bli vurdert.
Personlige egenskaper:
Du må vere aktiv, engasjert og vere god på samarbeid og relasjonsbygging.
Vi bruker læringsbrett i opplæringa, så det er ein fordel at du meistrar digitale reiskapar.
Du må vere raus, omsorgsfull, tolmodig og kunne møte born med ulike behov på ein god måte. Du må takle stress, raske endringar, vere fleksibel og positiv.
Vi tilbyr:
Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø med gode føresetnader for fagleg og personleg utvikling.
Du vil få engasjerte, støttande og profesjonelle kollegaer.
Vi samarbeider tett om elevar og har stort fokus på elevane si faglege og sosiale utvikling.
Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.
Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
17.05.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6606268Se här för andra jobb från Sula kommune
-
Vikariat matematikklærar
Vestnes kommune
VESTNES -
Avdelingsleiar
Ål Kommune
ÅL -
Inntil 2 x 100 % vikar undervisningsstilling - Tomrefjord skule
Vestnes kommune
Tomrefjord -
Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO
Sula kommune
EIDSNES -
80% engasjement - miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO
Vestnes kommune
VESTNES