• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    17.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6606268
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Fagarbeidar/assistent skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sula kommune er ei framtidsretta kommune som ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ein nynorskkommune.

Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg, tett på kommuneleiinga. Neste skuleår har vi om lag 420 elevar og 60 tilsette.

Vi er ein MOT-skule som set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktiv og inkluderande ", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru. Sula ungdomsskule er sertifisert som dysleksivenleg. Som BTI kommune har skulen eit nært  og godt tverrfagleg samarbeid med andre viktige faginstansar.

Vi har frå 01.08.26 ledig inntil fire stillingar som fagarbeidar/assistent i 70% ved Sula ungdomsskule. Det er snakk om både faste og tidsavgrensa stillingar. Du vil vere ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider for å gje elevane best mogleg læring og utvikling.

Kvalifikasjoner:

Vi søker deg med helsefagleg utdanning og deg som har erfaring frå praktisk arbeid og andre yrkesretta utdanningsprogram.

Du som har fagbrev i barne- og ungdomsarbeid og annan relevant utdanning / erfaring / praksis kan også bli vurdert.

Personlige egenskaper:

Du må vere aktiv, engasjert og vere god på samarbeid og relasjonsbygging.

Vi bruker læringsbrett i opplæringa, så det er ein fordel at du meistrar digitale reiskapar.

Du må vere raus, omsorgsfull, tolmodig og kunne møte born med ulike behov på ein god måte. Du må takle stress, raske endringar, vere fleksibel og positiv.

Vi tilbyr:

 

Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø med gode føresetnader for fagleg og personleg utvikling.

Du vil få engasjerte, støttande og profesjonelle kollegaer.

Vi samarbeider tett om elevar og har stort fokus på elevane si faglege og sosiale utvikling.

Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.

 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    17.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6606268
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune