• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    15.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5942955
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

Fagarbeidar/assistent - Skattebøl barnehage

Offentlig forvaltning

Skattebøl barnehage har no ledig 80% mellombels stilling for fagarbeidar/assistent med oppstart snarast og fram til 15.08.25, med mogleighet for forlenging. 

Å jobbe i barnehage er ein gjevande, varierande og interessant jobb. Arbeidet med barn er meiningsfylt, og nettopp du kan vere med på å gjera ein forskjell for fleire av barna.

Skattebøl barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg fint til i eit skogholt, i Granhagen/ Nossgrenda, ca. 3 km frå Ål sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Me likar å kalle oss ein «kulturbarnehage».  Dette året har barnehagen ei tredje avdeling plassert i bygget til Skattebøl skule. Les meir om barnehagen på Ål kommune sine heimesider; www.aal.kommune.no.  

Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.

I Skattebøl barnehage set me «Den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett. 

Me ønskjer at du:

  • trivast i lag med små barn
  • helst har utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, eller har anna relevant erfaring/utdanning
  • er utadvendt og trygg på deg sjølv
  • beherskar det norske talemålet og skrivemålet godt
  • er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt
  • har gode samarbeidsevner
  • er fleksibel og løysingsorientert

Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kommunen nyttar nynorsk som målform.

Me tilbyr:

  • ein barnehage med eit godt og utviklande fagmiljø og arbeidsmiljø
  • engasjerte tilsette
  • stabil personalgruppe
  • pensjonsordning KLP
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Politiattest og søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Me ser fram til å motta søknaden din!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    15.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5942955
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune