Company
Ål KommuneApplication deadline
15.11.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5942955Look here for other jobs from Ål Kommune
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
Fagarbeidar/assistent - Skattebøl barnehage
Offentlig forvaltning
Skattebøl barnehage har no ledig 80% mellombels stilling for fagarbeidar/assistent med oppstart snarast og fram til 15.08.25, med mogleighet for forlenging.
Å jobbe i barnehage er ein gjevande, varierande og interessant jobb. Arbeidet med barn er meiningsfylt, og nettopp du kan vere med på å gjera ein forskjell for fleire av barna.
Skattebøl barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg fint til i eit skogholt, i Granhagen/ Nossgrenda, ca. 3 km frå Ål sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med gode turalternativ i nærmiljøet. Me likar å kalle oss ein «kulturbarnehage». Dette året har barnehagen ei tredje avdeling plassert i bygget til Skattebøl skule. Les meir om barnehagen på Ål kommune sine heimesider; www.aal.kommune.no.
Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
I Skattebøl barnehage set me «Den gode kvardagen» i høgsetet; ein kvardag der personalet arbeider tett på barna, og der barnas leik er høgt verdsett.
Me ønskjer at du:
- trivast i lag med små barn
- helst har utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, eller har anna relevant erfaring/utdanning
- er utadvendt og trygg på deg sjølv
- beherskar det norske talemålet og skrivemålet godt
- er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt
- har gode samarbeidsevner
- er fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kommunen nyttar nynorsk som målform.
Me tilbyr:
- ein barnehage med eit godt og utviklande fagmiljø og arbeidsmiljø
- engasjerte tilsette
- stabil personalgruppe
- pensjonsordning KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Me ser fram til å motta søknaden din!
Company
Ål KommuneApplication deadline
15.11.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5942955Look here for other jobs from Ål Kommune