Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
12.04.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6573791Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Fagarbeidar/assistent i Furuli barnehage – bli med på leikelaget!
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode buss-samband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og mellom Lærdal/Årdal og Kaupanger.
Barnehagen held til øvst i byggefeltet på Kaupanger. Me er ein stor barnehage med seks avdelingar, noko som gjer at me nyttar tre ulike uteområde. Rett utanfor porten har me gode leikeområde med både skog og bø, og i skogen har me både lavvo og eigen uteleikeplass som opnar for variert leik.
Me er jamleg på tur, både korte og lengre turar i skogen og i nærområdet. I tillegg har me direkte tilgang til ballbingen gjennom ei grind.
Inne har barnehagen gode fasilitetar med gjennomtenkte romløysingar. Me har mellom anna motorisk rom som legg til rette for aktivitet og rørsle, samt sanserom som gir rom for ro og ulike sanseopplevingar.
Frå hausten 2026 vert det ledig følgande stillingar som fagarbeidar/assistent i Furuli barnehage:
- 2 x 100 % vikariat frå 13.08.2026 - 10.08.2027
- 1 x 100 % vikar på huset frå 13.08.2026 - 10.08.2027
Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden.
Arbeidsoppgåver:
- Medverke til å skape eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø
- Leggja til rette for og gjennomføra aktuelle dagsplanar og vere der for barna
- Bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute
- Samarbeida med kollegaer og med føresette
- Hjelpa til med praktiske oppgåver som påkleding og rydding m.m.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Erfaring med arbeid med barn og unge
- Beherske norsk godt, både lesing, skriftleg og munnleg
- Du kan søkje om du ikkje har godkjent relevant utdanning eller relevant praksis/erfaring
Personlege eigenskapar:
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Fysisk aktiv og leiken både inne og ute
- Engasjert i barna, ta initiativ, ansvar og vere fleksibel
- Fagleg engasjert
- Evnar å skape gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar
- Kunne samarbeide med andre
- Taklar høgt tempo i kvardagen
- Kunne planlegge og leie ulike aktivitetar med barna
- Godt humør
- Kunne gje og ta imot rettleiing
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Kjekke og varierte dagar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Oppfølging og rettleiing
- Bedriftstrening
- Gratis parkering
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
12.04.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6573791Se här för andra jobb från Sogndal kommune
-
Barnehagelærar i Furuli barnehage - bli med på leikelaget!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Barnehagelærar: 100% fast stilling i Sagatun barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
100 % vikariat som fagarbeidar/assistent i Notsete barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
100 % vikariat som barnehagelærar i Kjørnes barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarvikarar teknisk drift
Sogndal kommune
SOGNDAL