Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
12.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6573787Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Barnehagelærar: 100% fast stilling i Sagatun barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sagatun barnehage er ein fleirkulturell barnehage med fire avdelingar. Mangfald og inkludering er viktig for oss, og me legg til rette for eit miljø der mangfald vert sett på som ein ressurs.
Barnehagen ligg sentralt i Balestrand, med eit stort uteområde som inkluderer lavvo og gapahuk, og med kort veg til mange spennande turmål. Her kan me boltre oss i Badelaguna, på Balasletta og ved Kong Bele-statuen, på fotballbana og i klatreparken, i skogsløyper, og sjå på dragehus og andre spennande bygg – alt innan kort rekkevidde. Sentrum med butikkar, hotell og reiselivsmuseum ligg berre nokre få minutt unna.
Vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på laget, skape gode og trygge rammer for barna, og som ser gode relasjonar som ei kjelde til utvikling, utforsking og leik.
Det er ledig fast stilling som barnehagelærar, 100% i Sagatun barnehage i Sogndal kommune frå 01.08.2026.
Arbeidsoppgåver:
- Legge til rette for eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø for alle barna i barnehagen
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet i samarbeid med pedagogisk leiar på avdelinga
- Medverke til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette
- Gi rettleiing og tilbakemeldingar til kollegaer
- Bygge gode relasjonar med barna, føresette og kollegaer
- Bidra til godt arbeidsmiljø i barnehagen
Kvalifikasjonar:
- Godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- Gjerne arbeidserfaring frå barnehage
- Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Interesse og erfaring med friluftsliv og fysisk aktivitet for barn
- Interesse og erfaring for mat og helse, og legge til rette for barns medverknad i mat og måltidsaktivitetar
- Interesse og erfaring for å arbeide med inkludering og mangfald i ei fleirkulturell barnegruppe
Personlege eigenskapar:
- Engasjement for arbeid med barn
- Tek initiativ og ansvar
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Fysisk aktiv og leiken
- Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar
- Likar å arbeida saman med andre
- Taklar høgt tempo i kvardagen
- Godt humør
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen
Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.
Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i både relasjonsbygginga med barna, det førebyggande arbeidet og det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barna.
Me tilbyr:
- Ein spanande og meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Kjekke og varierte dagar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode velferdsordningar.
- Rettleiing for nyutdanna pedagogar og nytilsettsamling for alle nytilsette i barnehage.
- Mykje frisk luft og fysisk aktivitet i flott natur.
Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø
I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlent og nytenkjande. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.
Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: Samskapande – Open – God – Nysgjerrig. Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no
Andre opplysningar:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen 12. april, og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
12.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6573787Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Barnehagelærar i Furuli barnehage - bli med på leikelaget!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
100 % vikariat som fagarbeidar/assistent i Notsete barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Fagarbeidar/assistent i Furuli barnehage – bli med på leikelaget!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vikariat som fagarbeidar/assistent, Ylvisåker barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Henjahaugane barnehage: 60 % vikariat som fagarbeidar eller assistent
Sogndal kommune
SOGNDAL