Ledig stilling

Sogndal kommune

Fagarbeidar/assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kjørnes barnehage ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes, 4 km utanfor Sogndal sentrum, med gode buss- og sykkelforbindelsar. Me har eit stort uteområde med skog, fjordutsikt og varierte leike- og turområde. Barnehagen har fem avdelingar og legg stor vekt på fysisk aktivitet, friluftsliv heile året og barns medverknad i mat- og måltidsaktivitetar. Me har eige gymrom, variert utemiljø med klatrevegg, varriert terreng og ein stor trelavvo som fungerer som uteavdeling.

Me har no ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar/assistent frå 04.08.2025. Det kan bli fleire ledige stillingar, og søkjarar frå denne utlysinga kan bli vurderte til andre stillingar seinare i vår/sommar.

Arbeidsoppgåver:
  • Skape eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø
  • Ta initiativ, delta aktivt i barnas leik og gjennomføre planlagde aktivitetar
  • Skape gode relasjonar til barn, kollegaer og føresette
Kvalifikasjonar:
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning (t.d. sosialt arbeid, friluftsliv, idrett)
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Interesse for friluftsliv, fysisk aktivitet og barns medverknad i mat- og måltidsaktivitetar
  • Også søkjarar utan relevant utdanning, men med erfaring, kan bli vurderte
Personlege eigenskapar:
  • Engasjert, leiken og fysisk aktiv
  • Inkluderande, positiv og samarbeidsvillig
  • Evne til å skape trygge relasjonar
  • Likar ein variert kvardag med høgt tempo og nye utfordringar
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen                

Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet. Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:

  • Relasjonsbygginga med barna
  • Det førebyggande arbeidet
  • Det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barna
Me tilbyr:
  • Spanande arbeidsdagar i eit godt arbeidsmiljø
  • Kjekke og varierte dagar
  • Gode pensjons- og velferdsordningar
  • Oppfølging og rettleiing
  • Bedriftstrening

 

Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø 

I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.    

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: 

Samskapande – Open – God – Nysgjerrig 

Sogndal kommune er ein stad full av unike opplevingar, vakker natur og spanande arbeidsplassar. Dersom du treng tips til kva du kan finne på når du har fri har me aktivitetskalendaren Kva skjer?

Her kan du få tips til aktivitetar innan kultur, idrett og andre arrangement som skjer i dei ulike bygdene våre.  

 

Andre opplysningar:

Politiattest krevst for stillinga.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.