Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
19.12.2021Arbetsfunktion
ErgoterapeutBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3311971Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 03.12.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sunnfjord kommune
Ergoterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune har samla sakshandsaming innan helse og omsorg i eit miljø – tildelingseininga for helse- og omsorgstenester. Tildelingseininga er organisert under kommunalsjef for omsorg, og er tverrfagleg samansett av sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom og vernepleiar. Eininga er for tida lokalisert på Rådhuset i Førde, og har ei sentral rolle i Sunnfjord kommunen si tenesteyting. Eininga har 9 årsverk.
Vi har følgande stilling ledig:- 50 % fast stilling som ergoterapeut
Stillinga vil i stor grad være knytt til sakshandsaming av søknader om helse- og omsorgsteneser, ADL kartlegging og tilpassing av velferdsteknologi. I stillinga vil ein ha ansvar for innhenting av informasjon frå brukar og samarbeispartar. Ein har direkte brukarkontakt i møter og ved heimebesøk. Ergoterapeuten vil ha ei sentral rolle knytt til overføringar mellom kommunal rehabiliteringseining og heim.
Krav til søkar:- autorisasjon som ergoterapeut
- gode norsk kunnskapar både skrifteleg og munnleg
- interesse og kunnskap om velferdsteknologi
- har god arbeidskapasitet, og evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver
- er strukturert, og kan planlegge eigen arbeidskvardag
- har god kjennskap til bruk av IT-verktøy. I Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogrammet CosDoc
- er fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
- har kjennskap til sakshandsaming
- har erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel
- utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen
Stillinga kan gjerne kombinerast med ein av dei følgande andre stillingar som er utlyste i Sunnfjord kommune:
- 50 % vikariat som ergoterapeut ved Fysio- og ergoterapieininga, avdeling Skei.
- 50 % vikariat dagtilbod eldre og personar med demenssjukdom på Skei, tilhøyrande Aktivitetseininga.
Dersom du søker på ein av desse andre stillingane, er det viktig at du opplyser om det i søknadsteksten din.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
·
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
19.12.2021Arbetsfunktion
ErgoterapeutBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3311971Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 03.12.2020