Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
10.08.2021Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3952227Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 28.06.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Fjaler kommune
Er du vår nye utviklingsrettleiar?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
HAFS oppvekstregion (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen og Høyanger) har ledig fast 100 % stilling som utviklingsrettleiar frå tidlegast 01.10.2021, då vår noverande utviklingsrettleiar skal over i leiarjobb i barnehage og skule.
I oppvekstregionen samarbeider vi tett om nasjonale og regionale utviklingsprosjekt. I dette arbeidet vil du, som vår nye utviklingsrettleiar, ha ei sentral rolle.
Arbeidsgjevar for stillinga er Fjaler kommune, men annan kontorstad kan avtalast. Den som vert tilsett kan gjerne starte i ein deltidstilling for så å gå opp til 100% i løpet av 2022, dersom det er mest praktisk for den rette søkjar.
Arbeidet er retta mot heile oppvekstsektoren i kommunane som er ein del av oppvekstregionen. Ta gjerne kontakt med oss dersom du vil vite meir om stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere regionarbeidet med utvikling og kvalitet i HAFS oppvekst
- Rolle som ekstern vurderar og aktiv deltaking i alle vurderingsprosessar i barnehage og skule
- Planlegging og oppfølging av utviklingsprosjekt, fagleg og økonomisk
- Ressursperson inn mot skular og/eller barnehagar i utviklingsprosjekt
- Innhenting og rapportering på utviklingsmidlar
- Deltaking i regionale og nasjonale møtefora på oppvekstområdet
- Sekretærfunksjon for regionmøta, herunder oppfølging av saker og økonomirapportering
- Koordineringsrolle inn mot UH-sektoren
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning, gjerne med tilleggsutdanning i prosjektleiing
- Minimum 3 års erfaring som pedagog i barnehage eller skule
- Erfaring med å drive/leie utviklingsarbeid
- Gjerne erfaring med budsjett- og rekneskapsarbeid.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel
- Sjølvstendig
- Initiativrik
- Samarbeids- og løysingsorientert
- Ha eit overordna blikk over oppvekstområdet
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
10.08.2021Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3952227Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 28.06.2021