• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    10.08.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3952227
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 28.06.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Er du vår nye utviklingsrettleiar?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

HAFS oppvekstregion (Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen og Høyanger) har ledig fast 100 % stilling som utviklingsrettleiar frå tidlegast 01.10.2021, då vår noverande utviklingsrettleiar skal over i leiarjobb i barnehage og skule.

I oppvekstregionen samarbeider vi tett om nasjonale og regionale utviklingsprosjekt. I dette arbeidet vil du, som vår nye utviklingsrettleiar, ha ei sentral rolle.

Arbeidsgjevar for stillinga er Fjaler kommune, men annan kontorstad kan avtalast. Den som vert tilsett kan gjerne starte i ein deltidstilling for så å gå opp til 100% i løpet av 2022, dersom det er mest praktisk for den rette søkjar.

Arbeidet er retta mot heile oppvekstsektoren i kommunane som er ein del av oppvekstregionen. Ta gjerne kontakt med oss dersom du vil vite meir om stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere regionarbeidet med utvikling og kvalitet i HAFS oppvekst
  • Rolle som ekstern vurderar og aktiv deltaking i alle vurderingsprosessar i barnehage og skule
  • Planlegging og oppfølging av utviklingsprosjekt, fagleg og økonomisk
  • Ressursperson inn mot skular og/eller barnehagar i utviklingsprosjekt
  • Innhenting og rapportering på utviklingsmidlar
  • Deltaking i regionale og nasjonale møtefora på oppvekstområdet
  • Sekretærfunksjon for regionmøta, herunder oppfølging av saker og økonomirapportering
  • Koordineringsrolle inn mot UH-sektoren

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning, gjerne med tilleggsutdanning i prosjektleiing
  • Minimum 3 års erfaring som pedagog i barnehage eller skule
  • Erfaring med å drive/leie utviklingsarbeid
  • Gjerne erfaring med budsjett- og rekneskapsarbeid.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel
  • Sjølvstendig
  • Initiativrik
  • Samarbeids- og løysingsorientert
  • Ha eit overordna blikk over oppvekstområdet

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. 

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    10.08.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3952227
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 28.06.2021