Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5994658Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Er du vår nye Talknusar?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune er i vekst, og skal som ein av få distriktskommunar møte ei veksande og ung befolkning i åra som kjem. Me er på ei spennande reise der me utfordrar dei tradisjonelle styringsmodellane og bygger eit moderne styringssystem basert på prinsippa i Beyond Budgeting – som den første kommunen i landet. No ser vi etter ein Talknusar – ein økonomisk lagspelar med mot til å bryte barrierar som har lyst å vere med å bidra til å løyse det viktige samfunnsoppdraget me har for innbyggjarane i åra som kjem
Som Talknusar blir du sentral i utviklinga av vår nye økonomistyring. Du vil spele ei nøkkelrolle i å skape eit dynamisk, tillitsbasert system som prioriterer verdiar, prinsipp og læring – og som alltid har innbyggjaren i fokus. Sogndal kommune skal som resten av kommune-Noreg gjennom store omstillingar i åra som kjem, som også utfordrar det økonomiske handlingsrommet. Gjennom 2024 har me lagt eit solid grunnlag, saman med tillitsvalde og tilsette, for å gjennomføre ei grunnleggande omstilling av måten me jobbar på i åra som kjem.
Dette får du vere med på:
Bygge eit heilt nytt styringssystem tufta på verdiar som openheit, tillit og likeverd.
Utfordre etablerte økonomiske praksisar og finne innovative løysingar.
Samskape med kollegaer, innbyggjarar og samarbeidspartnarar for å løyse komplekse utfordringar.
Sikre ressursstyring som prioriterer det som faktisk betyr noko – ikkje berre det som står i budsjettet.
Levere økonomiske analyser som skapar innsikt og fremjar utvikling for dei tilsette i sin kvardag, for å leve meir kostnadsmedvite i praksis.
Kva gjer deg til ein ideell Talknusar?
Du har sterk økonomikompetanse og evne til å navigere i komplekse system.
Du er ein analytisk tenkjar som er komfortabel med å utfordre status quo.
Du likar å jobbe i team og verdset tillitsbaserte relasjonar.
Du deler informasjon ope og jobbar proaktivt for å skape framdrift.
Du brenn for samfunnsutvikling og er motivert av å bidra til eit betre liv for våre innbyggjarar.
Du veit at verden treng boksar og rammer, men brenn for å gjere innsikta tilgjengeleg for dei tilsette som møter innbyggjar kvar dag – slik at me kan gjere gode val i kvardagen.
Du kan finne glede i å fordjupe deg i tema som kraft, skatt og andre kommunale særproblemstillingar.
Kvifor skal du velje oss?
I Sogndal kommune vil du oppleve:
Ein arbeidsplass som prioriterer læring, vekst og personleg utvikling.
Kollegaer som er like lidenskapelege for å gjere ein forskjell som du er.
Ei unik moglegheit til å vere med og forme framtidas kommune.
Ei dynamisk arbeidserfaring med høve til å eksperimentere, lære og lukkast i eit innovativt miljø.
Konkurransedyktige vilkår og fleksible arbeidsformer.
Vil du vere med på laget?
Send oss ein søknad der du fortel korleis du kan bidra som vår nye Talknusar. Vi ser fram til å høyre frå deg! ????
Bli med og skap framtida i Sogndal kommune – ein kommune som vågar å gå Beyond Budgeting!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder,
funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar
om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før
søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5994658Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Avdelingsleiar vatn og avløp
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Tenesteutviklar i Sogn
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Avdelingsleiar psykisk helse og rus
Sogndal kommune
Leikanger -
Vi søker ny kommunedirektør
Vestnes kommune
VESTNES