• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    04.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Ågotnes
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6028353
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Ledigt jobb

Øygarden kommune

Er du vår nye kollega og ønskjer å jobbe innan demensomsorg?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgnstenester for demente på Ågotnes. Huset består av 40 leilegheiter fordelt på 4 bufellesskap. Her er eit stor tverrfagleg miljø, med lege 3 dagar i veka, sjukepleiarar, vernepleiar, helsefag, miljøarbeidar og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov.

Arbeidsoppgåver:
  • Heilskapleg omsorg
  • Helsefaglege oppgåver som stell og pleie og miljøarbeid,
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
Ønskja kvalifikasjonar:
  • Helsefagarbeidar
  • Studentar innan helse
  • Eller har erfaring med arbeid innan eldreomsorga.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjer deg:
  • Med interesse for å arbeide med demente
  • Med evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Som er engasjert og ansvarsbevisst
  • Som samhandlar godt med andre
  • Med evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Som er fleksibel
  • Som bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
Anna

No har vi ledig to faste stillingar på 18% og 20%

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Beate Lønningen, avdelingsleiar tlf 55096213 / 91673031

Bodil Janne Giil  avdelingsleiar tlf 55096212 / 91673032

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    04.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Ågotnes
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6028353
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune