Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.08.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6344658Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Ekstrahjelp
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Har du lyst å jobbe som vikar på ein triveleg arbeidsplass?
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som samen gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret inneheld to bufellesskap for eldre, et bufellesskap for vaksne utviklingshemma, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Vi søkjer etter studentar/elevar under helsefagleg utdanning og andre som ønsker å jobbe som vikar i våre bukollektiv og omsorgsbustader. Vi tilbyr langvakter og vanlege vakter. Du vil få god opplæring frå våre fagleg dyktige tilsette.
Straume bu og servicesenter har deltatt i TØRN piloten «Oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning». Vi jobbar med løysingar for god oppgåvedeling, den gode vakta og kontinuitet i bemanning.
Arbeidsoppgåver:- Heilskapleg omsorg og pleie av våre brukarar
- Ivaretaking av brukars individuelle behov
- Delta på aktivitetar saman med våre brukarar
- Medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
- Kjenne til og etterleva gjeldande rutinar i vårt kvalitetssystem
- Gyldig politiattest
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Erfaring frå arbeid innan eldreomsorg er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
- Du likar å jobbe saman med andre i team
- Du har eit godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du engasjerer deg og er positiv og imøtekommande med både brukarar og pårørande
- Egna personlegdom vert vektlagt
- Søkjarar vert kontakta fortløpande dersom det er aktuelt med intervju
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Tett og god leiarstøtte
- Gode bussforbindelser og gratis parkering rett ved senteret
Kontakt:
Avdelingsleiar Astrid Geitle: tlf: 913 19 622
Avdelingsleiar Heidi R. Endal: tlf: 919 11 187
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.08.2025Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6344658Se her for andre jobber fra Øygarden kommune