Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
24.08.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6333180Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
100% Fast Vernepleiar/Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om Tednebakkane Omsorgssenter
Tednebakkane Omsorgssenter ligg i naturskjønne omgivnadar med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden Kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma eining med til saman 45 sengeplassar. I tillegg har vi eit dagtilbod med opp til 12 plassar.
Vi har eige kjøkken og kantine. Fagdekninga er god og trivselen er i fokus.
Ønskjer du å være en del av vårt trivelege fellesskap, er du hjarteleg velkommen til å søkejobb hjå oss
Vi har no ledig 100% stilling som sjukepleiar/vernepleiar på demensavdeling med oppstart 1 november 2025.
Arbeidsoppgåver:- Være ein del av sjukepleiarteamet
- Utføre sjukepleiar oppgåver
- Kartlegge miljøtiltak opp mot bebuar sitt behov
- Dokumentere i journalsystemet CosDoc
- Medisinansvar
- Sjukepleiarkontakt for bebuarar
- Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
- Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga.
- Autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar
- 3. års sjukepleiarstudentar vert oppfordra til å søkje. Vurdering til stilling er under føresetnad av at utdanning vert fullført og autorisasjon føreligg. Eventuell tilsettingsdato vert sett til dato som samsvarar med dette.
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav.
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Personleg eigenskap vert vektlagd
- Gode samarbeidsevner.
- Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team.
- Godt humør, være open, ærleg og lojal.
- Være glad i å jobbe med menneske og engasjement for eldreomsorg.
Vi har årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønske langvakter med arbeid kvar 4 helg.
Vi tilbyr:- Konkurransedyktig løn: Kr 35 000 (sjukepleiar) og 25 000 (vernepleiar) per år over tariffløn
- Kompensasjon for å arbeide ekstra helg i turnus
- Gode arbeidsvilkår: Gratis parkering, gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
24.08.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6333180Se her for andre jobber fra Øygarden kommune