Ledig stilling

Sogndal kommune

Driftsoperatør veg- og grøntanlegg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å halde Sogndal grønt, trygt og triveleg året rundt?
Sogndal kommune søkjer driftsoperatør til fast 100 % stilling i teknisk driftsavdeling for veg- og grøntanlegg. Hos oss får du varierte dagar ute i frisk luft, der du både får bruke maskiner og bidra til at parkar, vegar og grøntområde er fine og tilgjengelege for alle. 

Kva går jobben ut på?

  • Drift og vedlikehald av kommunale vegar, kaier, parkar, grøntområde, friluftsområde og parkeringsanlegg
  • Maskinarbeid og praktiske oppgåver ute, både sommar og vinter
  • Vintervedlikehald med beredskap i vintersesongen
  • Samarbeid med eit triveleg team og andre kommunale avdelingar
  • Arbeid i heile kommunen ved behov

 Kven ser me etter?

  • Du har fagbrev som maskinførar, eller tilsvarande relevant erfaring
  • Førarkort klasse BE og T er eit krav, har du C1 eller C er det eit pluss
  • Du er trygg på bruk av digitale verktøy som Word, Excel og Teams
  • Du snakkar og skriv godt norsk
  • Erfaring frå anleggsarbeid, snekring eller gartnaryrket er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, sjølvstendig og tek initiativ
  • Du trivst ute, både åleine og saman med andre
  • Du er ansvarleg og likar å sjå resultat av arbeidet ditt

Kvifor velje oss?

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver, og ingen dagar er heilt like
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, samt velferdsordningar
  • Løn etter tariff
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø der vi legg til rette for mangfald og ulike behov

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil alltid bli varsla før eventuell offentleggjering.