Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
14.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6465662Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Vil du jobbe ein stad du får tillit, ansvar og høve til å gjere ein forskjell?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
I Sogndal utviklar me tenester som set menneske i sentrum, både dei som får hjelp og dei som gir ho. Alle stillingane er i utgangspunktet knytt til heimetenesta i Sogndal, og nokre er organiserte gjennom bemanningssentralen. Det betyr at du får solide rammer, god opplæring og varierande oppgåver i eit fagmiljø som verdset utfordringar.
Hjå oss får du:
Varierte og fagleg spennande dagar
Du møter menneske i ulike livssituasjonar og får bruke heile kompetansen din, frå kliniske vurderingar til relasjonsarbeid og oppfølging i heimen.
Sjølvstende og eit sterkt lag rundt deg
Du arbeider sjølvstendig ute i felt, men har alltid eit støtteapparat av kollegaer som er tilgjengeleg når du treng dei.
Ein arbeidsplass som utviklar seg
Me testar nye løysingar, lærer av erfaringar og utviklar tenestene saman. Du får høve til å påverke arbeidsmåtar og fagleg retning.
Tid til å vere til stades
Me veit at kvalitet krev ro, tryggleik og gode relasjonar. Me legg til rette for ein arbeidskvardag der du faktisk får gjort arbeidet grundig.
Eit liv nær natur, aktivitet og fellesskap
Sogndal gir deg balanse. Ei meiningsfull stilling med fjord, fjell og fritidsliv rett utanfor døra.
Dette kan passe for deg som:
Er fagleg trygg, nysgjerrig og engasjert
Trivst med ansvar og tek initiativ
Samarbeider godt og møter menneske med varme og profesjonalitet
Ønskjer ein arbeidsplass som satsar på utvikling og nye idear
Hjå oss kan du jobbe som:
Sjukepleiar
Vernepleiar
Helsefagarbeidar
Student innan helse eller sosialfag med ønske om relevant erfaring
Klar for å bli ein del av heimetenesta i Sogndal? Me tilsett fortløpande og oppmodar deg til å søkje tidleg.
Skriv gjerne kva type jobb og stillingsstorleik du er interessert i, me ser fram til å bli kjent med deg!
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
14.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6465662Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Helgestillingar - Balestrand helsetun og heimetenesta
Sogndal kommune
Balestrand -
Tilkallingsvikar Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Tilkallingsvikar Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger -
Helsefagarbeidar
Sogndal kommune
Balestrand -
Helsefagarbeidar
Sogndal kommune
Leikanger