Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
18.06.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6638792Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Driftskoordinatorar i heimesjukepleien
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Heimesjukepleien i Sogndal kommune skal styrke drifta og lyser no ut 2 stillingar som driftskoordinator.
Om rolla
Som driftskoordinator er du tett på den daglege drifta i heimesjukepleien. Du skal bidra til at avdelinga har god flyt, at oppgåver blir koordinerte og at dei rette avklaringane blir tekne undervegs.
Du samarbeider nært med avdelingsleiar, gruppeansvarleg, fagansvarleg sjukepleiar og tenesteleiar. Rolla krev at du både ser heilskapen og klarar å handtere praktiske detaljar i kvardagen. Arbeid på dagtid med arbeidshelg.
Me trur at du
Er fleksibel og omstillingsdyktig
Er god på samhandling og ånsjå løysingar
Tør å ta beslutningar
I praksis betyr dette at du er ein person som får kvardagen til å henge saman. Du må kunne sjå kva som trengst, samarbeide godt med dei rundt deg og bidra til at både tilsette og brukarar opplever ei trygg og ryddig teneste.
Andre oppgåver kan kome til som del av den samla drifta i heimesjukepleien.
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som har:
Bachelor sjukepleiar eller vernepleiar med norsk autorisasjon
Erfaring frå helse- og omsorgstenester
God kjennskap til praktisk drift
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Førarkort
Personlege eigenskapar
For å trivast som driftskoordinator må du like ein kvardag der mykje skjer samtidig. Du må vere trygg nok til å ta avgjerder, men også god til å lytte, samarbeide og finne løysingar saman med andre.
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde.
Hos oss får du ei rolle tett på kvardagsdrifta i heimesjukepleien. Du får vere med og byggje ein ny driftsrigg der målet er betre struktur, god samhandling og ei teneste som heng godt saman.
Du får:
Ei viktig koordinerande rolle i heimesjukepleien
Arbeid tett på både fag, folk og drift
Varierte arbeidsdagar i ei teneste i utvikling
Samarbeid med leiarar og nøkkelroller i avdelinga
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Løn etter avtale
Litt om oss
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1300 medarbeidarar. Me er regionsenteret i Sogn, og vertskommune for over 3000 studentar gjennom studieåret.
Kvar dag leverer me tenester til innbyggjarar i ulike livsfasar. Me ønskjer å vere ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune, og treng medarbeidarar som vil vere med og utvikle gode tenester vidare.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjorde med ei prøvetid på 6 månader.
I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord.
Søknad må leverast innan fristen og sendast inn via rekrutteringssystemet vårt.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
18.06.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6638792Se här för andra jobb från Sogndal kommune
-
Avdelingsleiarar i heimesjukepleien
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Driftsoperatør bygg og utleigebustader / driftsoperatør bygg
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal -
Dagleg leiar for Leikanger frivilligsentral
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vikariat; 60% stilling som barnehagelærar
Sogndal kommune
SOGNDAL