Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
31.05.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6618996Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Dagleg leiar for Leikanger frivilligsentral
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du samfunnsengasjert og ønskjer å jobbe saman med frivillig sektor? No er det ledig stilling som dagleg leiar for Leikanger frivilligsentral. Me treng ein motivert dagleg leiar som kan koordinere aktivitetar, vere motor for samarbeid med frivilligheita og delta aktivt i utviklinga av lokalsamfunnet.
Frivilligsentralen på Leikanger skal vere ein viktig lokal møteplass i dei nyrenoverte lokala på Saften, saman med bibliotek, ungdomsklubb, kantine/kafé, kulturtilbod, idrettstilbod og kontor for kommuneadministrasjonen. Denne samlokasjonen gir spanande moglegheiter!
Frivilligsentralane i Sogndal kommune blir i desse dagar ein del av BUA utstyrssentral. Ein viktig del av jobben vil vere å vidareutvikle dette i samarbeid med frivilligsentralane i Sogndal og Balestrand.
Me søkjer difor deg som er kreativ og glad i menneske. Du likar å koordinere og samarbeide med folk, og ønskjer å utvikle tilbod som gjer Leikanger til ein endå betre stad å bu og leve. Du må ønskje å jobbe på tvers av kommunale tenester og andre lokale aktørar, ikkje minst for å bidra til at Saften blir ein stad for liv og røre frå morgon til kveld.
Dagleg leiar kjem til å jobbe tett med dei andre frivilligsentralane i kommunen og ha ei viktig rolle i kommunen sitt tverrfaglege team for frivillig arbeid.
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for dagleg drift av frivilligsentralen
- Vidareutvikle og drifte BUA utstyrssentral
- Utvikle Saften til ein sosial møteplass for innbyggjarane
- Samarbeide med frivillige organisasjonar om utviklinga av lokalsamfunnet
- Vere bindeledd mellom kommunen og frivillige lag, foreiningar og organisasjonar på Leikanger
- Hjelpe til med søknads- og rapporteringsarbeid
- Søke om eksterne tilskot der det er aktuelt
- Samarbeide med andre kommunale innbyggjartenester og -tilbod
- Vere kontaktperson for rådet til frivilligsentralen
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
- Ved relevant erfaring kan krav om utdanning fråvikast
- Kjennskap til frivillig organisasjonsliv
- Kunne bruke IKT som verktøy
- Personlege eigenskapar vil vektleggast
Personlege eigenskapar:
- Engasjement for frivillig arbeid
- Oppteken av innbyggjarane sine behov
- Nysgjerrig på nye løysingar og moglegheiter
- Samarbeidsvillig
- Sjølvstendig og strukturert
- Fleksibel og serviceinnstilt
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Mogelegheita til å forme kva Leikanger frivilligsentral og Saften skal vere for innbyggjarane
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
31.05.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6618996Se her for andre jobber fra Sogndal kommune