Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
30.06.2026Stillingsfunksjon
AdministrasjonHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Maritime Industri / ServiceUtdanningskrav
Teknisk fagskoleArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
Norsk, EngelskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAndre arbeidssteder
HyllestadAntall stillinger
1karriere-kode
6656774Se her for andre jobber fra Tersan Havyard
Tersan Havyard
Vil du vere med å sikre framdrift og kontroll i bygginga av framtidas skip?
DokumentkontrollerMaritime Industri / Service
Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Me har gode fasilitetar for å utføre eit godt og effektivt arbeid, og har over 100 års erfaring med skipsbygging.
Med bakgrunn i høg aktivitet og solid ordrebok søker me etter engasjert dokumentkontroller. Hjå oss vil du få ei sentral rolle i pågåande prosjekt, med tett samarbeid med andre som jobbar i prosjekta.
Arbeidsoppgåver:
- Følgje prosjektet frå signering av kontrakt til levering.
- Hjelpe til med kommunikasjonsflyt og systematisk arkivering av teikningar, teknisk underlag og anna dokumentasjon.
- Samarbeide med underleverandørar, klasse, NMA og reiarlag.
- Tett dialog med produksjon frå byggestart til testing og levering.
- Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid innan fagområdet.
- Aktivt bidra til samarbeid og byggje sterke relasjonar mellom teknisk og produksjon.
Kvalifikasjonar:
- Ingeniørutdanning / teknisk fagskule eller relevant utdanning frå yrkesskule er ønskjeleg.
- Erfaring frå skipsverft, offshore, prosess- eller maritim industri er ønskjeleg.
- Kjennskap til AutoCAD er en fordel.
- Kjennskap til standardar og regelverk innan maritim sektor.
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:
- Strukturert og nøyaktig.
- Gode samarbeidsevner og vilje til å kommunisere på tvers av fagmiljø.
- Praktisk forståing og interesse for å hjelpe produksjon.
- Positiv, løysingsorientert, proaktiv og initiativrik.
Stillinga rapporterer til Engineering Manager
Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad Kommune
Søknadar vert gjennomgått fortløpande.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med Engineering Managerr:
Asbjørn Lylund: 957 24 779 / asbjorn.lylund@tersanhavyard.no
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!
Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
30.06.2026Stillingsfunksjon
AdministrasjonHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Maritime Industri / ServiceUtdanningskrav
Teknisk fagskoleArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
Norsk, EngelskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAndre arbeidssteder
HyllestadAntall stillinger
1karriere-kode
6656774Se her for andre jobber fra Tersan Havyard