Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
SnarestStillingsfunksjon
Platearbeidar/ SveisarHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordelØnsket Språk
Engelsk, NorskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
6381202Se her for andre jobber fra Tersan Havyard
Tersan Havyard
Vil du vere med og byggje framtidas skip?
Platearbeidarar og Sveisarar– Tersan HavyardSkipsbyggerier og -verft
Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, høg kompetanse og over 100 års erfaring innan skipsbygging.
Vi har høg aktivitet og ei solid ordrebok. No søker vi dyktige platearbeidarar og sveisarar til vår utrustningsavdeling på verftet i Leirvik.
Arbeidsoppgåver:
- Produksjon, tilpassing og montering av plater og stålkonstruksjonar om bord skip og på verkstad
- Utføre sveising i ulike posisjonar og materiale
- Utforming av plater, røyr og profilar
- Arbeid etter teikning, spesifikasjonar og produksjonsunderlag
- Kvalitetssikring av utført arbeid, samt rapportering av avvik
- Bidra til effektiv framdrift og samarbeid på tvers av fagmiljø
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som platearbeidar, sveiser eller tilsvarande – relevant erfaring kan kompensere
- Sertifikat innan ein eller fleire av følgjande metodar: MIG/MAG/TIG, røyrtråd eller elektrode
- Erfaring frå skipsbygging, industri eller offshore er ein fordel
- Evne til å lese og forstå arbeidsteikningar og produksjonsunderlag
- Fokus på HMS og kvalitet i arbeidet
Personlege eigenskapar:
- Strukturert, løysingsorientert og nøyaktig i arbeidet
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i team
- Fokus på HMS og kvalitet
- Fleksibel og motivert for varierte oppgåver
Vi tilbyr:
- Spennande og varierte prosjekt i maritim industri
- Moderne fasilitetar og eit solid fagmiljø med høg kompetanse
- Moglegheiter for fagleg utvikling og vidare sertifisering
- Konkurransedyktige vilkår og gode arbeidsforhold
Arbeidsstad: Leirvik i Hyllestad
Stillinga rapporterer til: Teamleiar Utrustning
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med Teamleiar Utrustning;
Kurt Amundsen 952 49 639
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!
Les meir om Tersan her: https://www.tersanhavyard.no/
Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her: https://www.hyllestadinfo.no/
Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
SnarestStillingsfunksjon
Platearbeidar/ SveisarHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
Kjennskap / erfaring frå maritimbransje, eller samanliknbar industri, vil vere ein fordelØnsket Språk
Engelsk, NorskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
6381202Se her for andre jobber fra Tersan Havyard