Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
SnarestStillingsfunksjon
ProduksjonHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
Norsk, EngelskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAndre arbeidssteder
HyllestadAntall stillinger
6karriere-kode
6125784Se her for andre jobber fra Tersan Havyard
- Oppdatert 14.01.2026
Tersan Havyard
Klar for nye utfordringar? Bli vår nye supervisor!
SupervisorSkipsbyggerier og -verft
Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, høg kompetanse og over 100 års erfaring innan skipsbygging.
Vi har fleire spennande prosjekt på gang, og ordreboka vår veks. No søker vi dyktige Supervisors for fleire disipliner som vil bli ein sentral ressurs i produksjonen på verftet i Leirvik.
Som supervisor vil du ha ein nøkkelrolle i å sikre at arbeid blir utført i tråd med teikningar, regelverk og kundekrav. Du vil jobbe tett saman med underleverandørar, rederi, klasseselskap og myndigheiter – og bidra til at prosjekta våre blir levert til rett tid og med topp kvalitet.
Me søker etter:
- Supervisor Røyr
- Supervisor Plate og Sveis
- Supervisor Maskin
- Supervisor Elektro
- Supervisor Innredning/ HVAC
Det er ynskjeleg med erfaring innan maritime, fornybar, olje og gass eller byggebransjen.
Dine arbeidsoppgåver
- Følge opp og koordinere underleverandørar og interne ressursar innan ditt fagområde
- Sikre at arbeid blir utført i tråd med teikningar, spesifikasjonar og kontrakt
- Delta i inspeksjonar og kontrollar saman med klasse, myndigheiter og rederi
- Sikre framdrift, kvalitet og HMS i leveransen
- Identifisere og melde avvik, samt følge opp korrigerande tiltak
- Rapportere status, framdrift og utfordringar til prosjektleiinga
- Samarbeide tett med andre fagdisiplinar for effektiv gjennomføring av prosjektet
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå skipsbygging, industri, bygg eller prosjektbasert verksemd
- Fagbrev, teknisk fagskule eller relevant teknisk utdanning – lang og relevant erfaring kan kompensere
- God teknisk forståing og evne til å lese og bruke teikningar og dokumentasjon
- Kjennskap til klassekrav, regelverk og kvalitetskrav er ein fordel
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner og trygg i dialog med både leverandørar og kollegaer
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
Vi tilbyr:
- Spennande og varierte prosjekt i eit framtidsretta skipsverft
- Moderne fasilitetar og eit sterkt fagmiljø
- Moglegheiter for utvikling og spesialisering innan maritim elektro
- Konkurransedyktige vilkår og gode arbeidsforhold
Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad.
Stillinga rapporterer til Teamleiarane for dei ulike produksjonsavdelingane i Tersan Havyard.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med VPP: Lars Djupevåg 977 22 215
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spennande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein åpen søknad!
Les meir om Tersan her
Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad? ta ein titt her
Bedrift
Tersan HavyardSøknadsfrist
SnarestStillingsfunksjon
ProduksjonHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Skipsbyggerier og -verftUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
Norsk, EngelskAdresse
6953, LEIRVIK I SOGN
HYLLESTAD
NorgeAndre arbeidssteder
HyllestadAntall stillinger
6karriere-kode
6125784Se her for andre jobber fra Tersan Havyard
- Oppdatert 14.01.2026
-
Elektromontør og automatikar – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Planleggar
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Prosjektingeniør Elektro – Tersan Havyard
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Klar for nye utfordringar? Bli vår nye Supervisor for Innredning & HVAC
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN -
Project Commissioning Supervisor
Tersan Havyard
LEIRVIK I SOGN