Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6055782Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Byggesakshandsamar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Eininga Areal og byggesak har i dag 19 medarbeidarar som jobbar med sakshandsaming innan fagområda reguleringsplan/arealplan, byggesak/tilsyn/lovbrot, oppmåling/deling og geodata. Vi held for tida til i rådhuset i Førde sentrum.
Vi har ledig 100 % fast stilling som byggesakshandsamar.Stillinga vil inngå i eit forvaltningsteam med 5 tilsette innan fagområda byggesak, tilsyn og lovbrotsaker etter plan- og bygningslova, matrikkelføring og seksjonering. Teamet har ein koordinator.
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna:- sakshandsaming av byggesaker og dispensasjonar etter plan- og bygningslova, inkl. klagesakshandsaming og førehandskonferansar
- deling av grunneigedom
- matrikkelføring etter matrikkellova
- seksjonering etter eigarseksjoneringslova
- rettleiing mot publikum og bygge- og anleggsbransje
- relevant utdanning på minimum høgskule-/universitetsnivå som byggingeniør, ingeniør, arkitekt, jurist eller liknande. Relevant erfaring innan offentleg forvaltning kan vege opp for manglande utdanning.
- god digital kompetanse
Bakgrunn som ingeniør, arkitekt, jurist, eller andre relevante yrker kan vere ein fordel.
Førarkort klasse B er ønskeleg.
Vi søker ein medarbeidar som:- har gode samarbeidsevner og likar å jobba på tvers av ulike fagfelt
- har høg arbeidskapasitet og arbeidar strukturert og sjølvstendig
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk skriftmål)
- er utviklings- og løysningsorientert i møte med anna fagpersonell, eksterne samarbeidspartnarar og utbyggings- og konsulentbransjen
- er initiativrik og har god relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi kan tilby:- høve til personleg vekst og utvikling i arbeidet
- eit godt, hektisk og tverrfagleg arbeidsmiljø med spennande utfordringar
- løn etter avtale
- moderne og lyse kontorlokale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
02.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6055782Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune