Ledigt jobb

Øygarden kommune

Byggdriftar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Byggforvaltning er organisatorisk plassert under kommunalsjef for samfunnsutvikling og er ei sentral eining i kommunen sitt arbeid med å utvikle og forvalte eigedomsmassen. Eininga omfattar to avdelingar og har hovudansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg, tekniske anlegg, uteområde og grøntareal. Dette inneber både å ivareta dagleg drift og vedlikehald, og å planleggje langsiktig utvikling og fornying av eigedommane slik at dei møter framtidige behov.

Stillinga er plassert i byggdrift og rapporterer til avdelingsleiar for Byggforvaltning. Du vil inngå i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø med vekt på samarbeid og kunnskapsdeling.

Byggforvaltning har ei viktig rolle i å sikre at kommunen sine bygg og anlegg er funksjonelle, trygge og tilgjengelege for innbyggjarane. Dette omfattar alt frå skular, barnehagar og helsebygg til kultur- og idrettsanlegg, samt uteområde og parkar som er viktige for trivsel, helse og berekraftig by- og tettstadsutvikling.

Arbeidsoppgåvene i stillinga vil vere varierte og dekkje heile verksemdsområdet innan eigedom, bygg, anlegg og park.

Arbeidsoppgåver:
  • Drift, tilsyn og vedlikehald av kommunale bygg
  • Tilstandsvurdering og systematisk oppfølging av avvik
  • Oppfølging av internkontroll og HMS-krav
  • Registrering og behandling av avvik i kommunen sitt FDV-system
  • Koordinering og oppfølging av eksterne leverandørar
  • Dialog og samarbeid med brukarar av bygga
  • Sesongbasert utvendig drift
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Fagbrev som byggdriftar eller anna relevant teknisk fagbrev, til dømes røyrleggjar, elektrikar, automatikkar eller tømrar
  • Førarkort klasse B
  • Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter, og evne til å kommunisera klart og profesjonelt.
Ønskjeleg med:
  • Førarkort klasse BE
  • Kjennskap til og erfaring med internkontrollforskrifta
  • Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av FDV-, adgangskontroll- og SD-system
  • God teknisk forståing og innsikt i bygningsmessige forhold
  • Vilje og motivasjon til fagleg vidareutvikling
Personlege eigenskapar:
  • Arbeidskvardagen kan være uføreseieleg og det er derfor viktig at du både likar struktur, samt har evne til å omstille og prioritere når planar endrar seg.
  • Du evnar å sjå moglegheiter i utfordringar og feil som oppstår.
  • Du møter brukarar og kollegaer med ein positiv og hjelpsam haldning.
  • Du bidrar til å løfte kollegaer ved å dele kompetansen din når du har løysinga, og er samstundes audmjuk og open for å lære når andre sit med svaret.
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig
  • Systematisk, evne til å prioritere og sikre gjennomføring
Anna:
  • Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
  • Godkjent politiattest må visast fram før tilsetjing
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Jonny Angeltveit – Avd. leiar Byggforvaltning 477 01 309

Henning Selstø - Avd. leiar  Byggforvaltning 950 48 553

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA- verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter søknadsfrist, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan vurderast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar etter regelverk, dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom ynskje ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.