Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.12.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5959107Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Brannkonstabel 4,2 - 6,4% fast ved Dalsneset stasjon
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Øygarden brann og redning (ØBR) er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes.
Øygarden brann og redning har ledig 2 faste stilling som brannkonstabel i stillingskode 7237 ved Dalsneset brannstasjon. Stillingane er deltid med stillingsstørrelse 4,2 % til 6,4 % avhengig av funksjonskrav.
ØBR si beredskapsavdeling har til saman 60 personar som tek hand om brann og redningsberedskapen i Øygarden kommune. Disse mannskapa er fordelt på 4 brannstasjonar. Avdelinga har per i dag 7 heiltidsstillingar. Beredskapen er ivareteken av ei dagkasernert styrke på Kollsnes, og elles med deltidsmannskap i heimevaktordning. I tillegg skal vi etablere ei dagkasernert styrke på Ågotnes beståande av 4 tilsette. Implementering av denne dagkasernerte styrken skal skje i to trinn i 2025-2026.
Arbeidsoppgåver:- Brannkonstabel/røykdykker/akuttførstehjelper/utrykkingssjåfør/overflatereddar.
- Skal delta i beredskap mot brann, ulykker og anna som brann- og redningstenesta normalt kan forventast å måtte handtere.
- Må vere i stand til å utføre røykdykking, vere sjåfør på køyretøy og båtar vi disponerer.
- Må være aktiv i eigen kompetansebygging. Dersom den som vert tilsett ikkje har den formalkompetanse det er krav om for å inneha stillinga, pliktar vedkomande å delta på den opplæringa som er naudsynt.
- Skal kunne inneha alle typar vakt; dag, fritid, døgn.
- Oppmøtetida ved alle typar vaktordning (dag, fritid, døgn) skal ikkje vere meir enn 5 minuttar frå den aktuelle brannstasjon ein er tilknytt
- Bestå fysisk test (røykdykkartest) og helsekrav for røykdykkarar.
- Om ein kandidat ikkje har førarkort kl. C, skal dette for eiga rekning tileignast innan 6 månader.
- Dersom vedkomande ikkje har førarkort med kode 160 (løyve for utrykkingskøyring), må dette gjennomførast. Vert dekt av ØBR.
- Dersom vedkomande skal inn i båtteneste, må ein ha teke båtførarprøva innan 6 månader, med mindre ein allereie har den. Vert dekt av ØBR.
- Dersom vedkomande ikkje tilfredsstillar formalkrav i brann- og redningsvesenforskriften § 37 ev. § 41, må nødvendig kompetanseheving gjennomførast. Vert dekt av ØBR.
- Politiattest etter brann og eksplosjonsvernloven § 18 med tilfredsstillande vandel.
- Kompetanse i tråd med «Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralene (brann- og redningsvesenforskriften)» § 37 eller § 41 brannkonstabel.
- Førarkort kl. BE.
- Kode 160 (utrykkingskøyrekompetanse).
- Erfaring med yrkesbåt/maritimt virke.
- Båtførarbevis.
- Relevant fagbrev, anna beredskaps- og helserelatert utdanning.
- Det er ønskjeleg at vedkomande bur i kommunen.
- Det er ønskeleg med bustad og arbeidsstad innanfor oppmøtetid på 5 minutt til gjeldande stasjon.
Samfunnsengasjert og beredskapsorientert, evne og vilje til å yte sitt beste under stress og evne til å jobbe i team, god trenings- og øvingsmentalitet i forhold til oppgåvene som kan komme.
Anna:- Stillinga rapporterer til seksjonsleiar for deltidsstyrken.
- Tiltreding etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Seksjonsleiar Jarl Martin Hestad på e-post jarl.hestad@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
01.12.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5959107Look here for other jobs from Øygarden kommune