Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
25.02.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6530471Se här för andra jobb från Giske Kommune
Giske Kommune
Barnevernskonsulent, fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein person som likar utfordringar, er strukturert, målretta og god på samarbeid? Kanskje er du på utkikk etter ein krevjande, men spanande og lærerik arbeidskvardag? Vi har ledig 100 % fast stilling som barnevernskonsulent frå snarast.
Barneverntenesta i Giske kommune er organisert i eining Barn, familie og helse. Andre tenester i eininga er helsestasjonen, legetenesta, fysio- og ergoterapitenesta, kommunepsykologen, psykisk helseteam for barn og unge og flykningtenesta. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenestene i eininga og elles i kommunen, med fokus på barnets beste og tidleg innsats.
Barneverntenesta har kontor på rådhuset på Valderøya med for tida gratis parkering og 10 minutt med bil frå Ålesund. Barnevernstenesta i Giske har 6 tilsette, og avdelingsleiar er næraste overordna. Vi har eit høgt fagleg fokus og det er eit mål at alle tilsette skal ha kompetanse i ulike foreldreveiledningsprogram, som t.d. COS-P eller ICDP. Ein legg elles godt til rette for etter- og vidareutdanning samt anna relevant kompetanseutvikling.
Kontoret jobber etter generalistmodellen og har som mål å skape eit trygt og utviklande fagleg fellesskap. Dei tilsette gir tilbakemelding på det dei opplever som eit svært godt arbeidsmiljø med engasjerte og motiverte kollegaer i tett samarbeid med avdelingsleiar som har lang erfaring frå fagfeltet.
Giske kommune deltek i det interkommunale samarbeidet Barnevernvakta for Sunnmøre.
I tillegg til ordinære oppgåver i stillinga, søkjer vi ein person med nok erfaring frå arbeid i barneverntenesta til å gå inn i rolla som fagansvarleg og stedfortreder ved barnevernleiar sitt fråver. Det blir lagt til rette for fagleg og personleg utvikling i rolla og kan bli ein mogeleg karriereveg for deg som ønskjer auka ansvar og nye arbeidsoppgåver.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Attestar og vitnemål skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Barnevernspedagog eller sosionom, men andre med relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan også søkje.
- Erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- God digital kompetanse.
- Det er ønskjeleg med tverrkulturell kompetanse.
- Relevant vidareutdanning er også ønskjeleg.
- Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP.
Personlige egenskaper:
- Kreativ og utviklingsorientert.
- Engasjert, fagleg trygg, tydelig, fleksibel og løysingsorientert.
- Har god arbeidskapasitet, arbeider strukturert og målretta.
- Interesse for og ønskje om tverrfagleg samarbeid.
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og saman med andre.
- God på kommunikasjon og samhandling.
Vi tilbyr:
- Fagleg og personleg utvikling.
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Tilsetjing på kommunale vilkår og løn etter avtale.
- Fleksitidsordning.
Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
25.02.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6530471Se här för andra jobb från Giske Kommune
-
Avdelingsleiar 100% fast stilling, ROP huset/Tunet
Øygarden kommune
Straume -
Kontaktperson HAFS barnevernteneste
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Sjukepleiar/vernepleiar, 70% fast nattstilling
Øygarden kommune
Ågotnes -
Helgestilling 20% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Inkluderingskontakt 100% vikariat , avdeling ungdom
Øygarden kommune
STRAUME