Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
23.02.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6528232Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Inkluderingskontakt 100% vikariat , avdeling ungdom
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Stillinga som inkluderingskontakt er for tida organisert under avdeling Ungdom og har 16 tilsette. Saman arbeider vi målretta for å styrke unge i overgang til utdanning og arbeid.
Arbeidsoppgåver:- Følge opp unge uføre som ønsker eller har fått varig tilrettelagt arbeidsplass
- Rettleie og hjelpe verksemder som har tilsette i varig tilrettelagt arbeid (VTA-O)
- Jobbe for å skaffe fleire varig tilrettelagte arbeidsplassar i kommunen
- Samarbeide med andre teneste for å sikre eit heilskapleg tilbod til aktuelle kandidatar
- Informere om tilbodet til aktuelle kandidatar
- Andre oppgåve kan bli lagt til stillinga
Det er ein veldig sjølvstendig jobb då det kun er ein inkluderingskontakt med denne type arbeidsoppgåve ved Nav Øygarden.
Kvalifikasjonar:- Minimum 3 årig utdanning på høgskule eller universitet innan helse, sosialfag eller samfunnsfag
- Erfaring med sosialfagleg og/eller arbeidsretta oppfølging
- Erfaring eller utdanning innan arbeidsinkludering
- Kunnskap om metodikken Supported Eomplyment (SE)
- Gode relasjons- og kommunikasjonsevne
- Tolmodig, uthaldande og fleksibel
- Er robust og har evne til å jobbe tett på unge
- Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Anna:
- Stillinga er mellombels for perioden 30.03.26 – 18.01.27 med moglegheit for forlenging.
- Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar Kari Mette Fedje, tlf. 93423727 eller e-post kari.mette.fedje@nav.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
23.02.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6528232Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Ringevikarar, Barnehager
Øygarden kommune
STRAUME -
Helgestillingar 15 % fast , Heimetenesta
Øygarden kommune
STRAUME -
Ferievikarar Helse og velferd 2026
Øygarden kommune
STRAUME -
Merkantil 70 % fast stilling med 20 % i pleie /helg
Øygarden kommune
Ågotnes -
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes