• Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    03.05.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6601092
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune
Vacancy

Askvoll kommune

Barnehagestyrar i Nipa barnehage - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vår noverande styrar i Nipa barnehage går over til ny leiarjobb i kommunen, og vi søkjer difor ein ny engasjert barnehagestyrar i fast 100% stilling frå 01.08.2026, og som vil ta stafettpinnen vidare. Vi ønskjer deg som vil leie barnehagen gjennom vidare utvikling og sikre eit trygt og inspirerande læringsmiljø for barna.

Det er i Nipa barnehage sett av tid til leiing og administrasjon som for tida utgjer 40% av stillinga.

Nipa barnehage ligg i Sauesundet på Atløy. Barnehagen og Atløy skule held til i same bygg. Vi har stort og flott uteområde med skog, fjell, fjære, ballbinge og idrettsbane. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Styrar har hovudansvar for heile barnehagen i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, herunder: Lov om barnehage, Rammeplan for barnehage og Askvoll kommune sine styringsdokument og vedtak som er gjeldande for barnehagar.
  • Styrar er arbeidsgivar sin representant på arbeidsplassen, og pliktar å vere lojal overfor arbeidsgjevar sine vedtak og avgjerder.
  • Styrar har hovudansvar for utvikling og endringsarbeid i barnehagen.
  • Styrar har ansvar for vidareutvikling av sin faglege kompetanse og å nytte denne i det daglege og langsiktige arbeidet.
  • Styrar arbeider i nettverk med dei 4 andre barnehagestyrarane i kommunen, og deltek også aktivt i kvalitets- og leiarutvikling i samarbeid med andre kommunar i regionen.

 

Kvalifikasjonar:

  • Askvoll kommune legg vekt på styrar sitt ansvar for den pedagogiske leiinga i barnehagen.
  • Det er krav om utdanning som barnehagelærar, og vidareutdanning og/eller erfaring innan leiing er ein fordel. 

 

Personlege eigenskapar:

  • Har eit stort pedagogisk hjarte og gode leiareigenskapar
  • Er løysings- og utviklingsorientert
  • Kan inspirere, syne omsorg og interesse for det einskilde barn og medarbeidar
  • Har ein open og tydeleg kommunikasjon
  • Har gode samarbeidsevner og arbeider strukturert og målretta

 

Vi tilbyr

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionalt
  • Løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar offentleg pensjonsordning (KLP

 

 

Dersom den som vert tilsett manglar leiarutdanning, så legg arbeidsgjevar til rette for at utdanning innan leiing i barnehagar kan bli tatt.

For nærare opplysningar ta kontakt med oss.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. 

Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    03.05.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6601092
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune