Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
22.01.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4951966Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 12.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Barnehagelærer - vikariat 100 % stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Bø barnehage har ledig vikarait som barnehagelærar i 100% stilling. Vikariatet er ledig frå 1/3 2023 og ut barnehageåret.
Om arbeidsstaden
Bø barnehage ligg i Bøvågen og held til i eit nytt, stort og flott barnehagebygg. Bygget var ferdig i slutten av 2020, og barna hadde sin første barnehagedag her i byrjinga av januar 2021. Hordabø skule er barnehagen sin næraste nabo, som me samarbeider tett saman med. Elles har barnehagen gangavstand til nærbutikken, næringsområdet, kyrkja, samt fine turområder.
Arbeidsoppgåver / Ansvar
-planlegging og gjennomføring av pedagogiske oppgåver
-nært samarbeid med dei andre pedagogane og resten av personalet
Kompetanse
Godkjent utdanning som barnehagelærar.
Eigenskaper
Vi ønskjer at du er systematisk, har god munnleg og skriftleg framstillingsevne . Nyttig m.a. ved arbeid med dokumentasjon.
Samarbeidsvilje, sjølvstende, kommunikasjonsevne, litt "galskap" og godt humør vil og bli vektlagt.
Vi ønskjer ein barnehagelærar som arbeider for å gi barna ein rik og allsidig utvikling ved å legge til rette for leik og læring i trygge og utviklande omgjevnader. Du planlegg og gjennomfører aktivitetar og prosjektarbeid i tråd med barnehagen sine mål og visjonar og driv pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper.
Du har menneskeleg og pedagogisk innsikt og er kreativ og i stand til å tenkje sjølvstendig .Det er viktig å ha evne til å sjå enkeltbarn, samtidig som du har oversikt over barnegruppa i omsorgs- og læringsmiljøet.
I samarbeid med personalet og styrar har du som barnehagelærar hos oss stor grad av fridom til å velje korleis du vil jobbe med grunnlag i Rammeplan for barnehagar og barnehagen sin årsplan.
Vi oppmodar menn til å søkje på stillinga..
Lønsvilkår
Løna i stillingskode 6709 barnehagelærar. Vilkår for arbeidstid følgjer vanlege kommunale vilkår med arbeidstidsordning som barnehagelærarar.
Politiattest
Til stillinga er det krav om tilfredstillande politiattest heimla i forskfirt til barnehagelova. Den må visast fram ved tiltrede og vert makulert av oss etter framvisning.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
22.01.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4951966Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 12.01.2023