• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    22.01.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4951966
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 12.01.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Barnehagelærer - vikariat 100 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Bø barnehage har ledig vikarait som barnehagelærar i 100% stilling. Vikariatet er ledig frå 1/3 2023 og ut barnehageåret. 

Om arbeidsstaden
Bø barnehage ligg i Bøvågen og held til i eit nytt, stort og flott barnehagebygg. Bygget var ferdig i slutten av 2020, og barna hadde sin første barnehagedag her i byrjinga av januar 2021. Hordabø skule er barnehagen sin næraste nabo, som me samarbeider tett saman med. Elles har barnehagen gangavstand til nærbutikken, næringsområdet, kyrkja, samt fine turområder.

Arbeidsoppgåver / Ansvar

-planlegging og gjennomføring av pedagogiske oppgåver

-nært samarbeid med dei andre pedagogane og resten av personalet

Kompetanse

Godkjent utdanning som barnehagelærar.

Eigenskaper

Vi ønskjer at du er systematisk, har god munnleg og skriftleg framstillingsevne . Nyttig m.a. ved arbeid med dokumentasjon.

Samarbeidsvilje, sjølvstende, kommunikasjonsevne, litt "galskap" og godt humør vil og bli  vektlagt.

Vi ønskjer ein barnehagelærar som arbeider for å gi barna ein rik og allsidig utvikling ved å legge til rette for leik og læring i trygge og utviklande omgjevnader. Du planlegg og gjennomfører aktivitetar og prosjektarbeid i tråd med barnehagen sine mål og visjonar og driv pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper.
Du har menneskeleg og pedagogisk innsikt og er kreativ og i stand til å tenkje sjølvstendig .Det er viktig å ha evne til å sjå enkeltbarn, samtidig som du har oversikt over barnegruppa i omsorgs- og læringsmiljøet.
I samarbeid med personalet og styrar har du som barnehagelærar hos oss stor grad av fridom til å velje korleis du vil jobbe med grunnlag i Rammeplan for barnehagar og barnehagen sin årsplan.
Vi oppmodar menn til å søkje på stillinga..

Lønsvilkår

Løna i stillingskode 6709 barnehagelærar. Vilkår for arbeidstid følgjer vanlege kommunale vilkår med arbeidstidsordning som barnehagelærarar.  

Politiattest

Til stillinga er det krav om tilfredstillande politiattest heimla i forskfirt til barnehagelova. Den må visast fram ved tiltrede og vert makulert av oss etter framvisning.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    22.01.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4951966
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 12.01.2023