Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
28.02.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6044777Se här för andra jobb från Hå kommune
Hå kommune
Barnehagelærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vibereiret barnehage har ledig ei fast 100 % stilling som barnehagelærar/pedagogisk leiar frå 3.4.2025. Me søkjer først og fremst etter utdanna barnehagelærar, men andre med anna relevant høgskuleutdanning og/eller erfaring kan òg verta vurdert, men då i eit vikariat som barnehagelærar.
Me legg stor vekt på dei vaksne si rolle i barnehagen og etablering av gode relasjonar mellom barna, og barn og personale. Tryggleik frå første stund og gode venskap i barnegruppa. Me har ein spennande kvardag med stort språkleg mangfald i barnegruppa, og har eit sterkt fokus på inkludering og god kommunikasjon. Har du lyst til å arbeide i eit leiarteam som bygger vidare på dette, og som ivrer etter ein barnehage av høg kvalitet, er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss.
Me søkjer
Medarbeidar som er klar for nye og spennande utfordringar, og som:
- kan vera med og leie personalet og har ein god samarbeids- og gjennomføringsevne
- bidreg til at barnehagen er ein lærande organisasjon
- trivast saman med barn og føresette
- har fokus på å skape inkluderande fellesskap for barna
- bidreg fagleg i barnehagen sitt leiarteam
- har godt humør og pågangsmot
Kvalifikasjoner
- godkjent barnehagelærarutdanning, eventuelt anna relevant høgskuleutdanning
- gode språkferdigheiter i norsk, både skrivleg og munnleg
- behersker relevante dataverktøy
- personlege eigenskaper og erfaring vektleggast
For tilsetjing i barnehage må personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk ha avlagt ei norskprøve og oppnådd nivå A2 på delprøven i skrivleg framstilling, og nivå B1 på delprøvene i lese-/lytteforståing og munnleg kommunikasjon, jf. Det felles europeiske rammeverket for språk.
Me tilbyr
- eit godt og sterkt fagmiljø
- rause og engasjerte kollegaer med god fagleg kompetanse
- fagleg oppfølging frå Hå kommune i form av lærande nettverk og rettleiing for nyutdanna
- moglegheit for etter- og vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar med ulukkesforsikring på fritida
- løn etter Hå kommune sine løns- og stillingsregulativ
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
28.02.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6044777Se här för andra jobb från Hå kommune