Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
12.02.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6016601Se her for andre jobber fra Hå kommune
Hå kommune
Lærarstillingar 2025
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Hå kommune har ledige lærarstillingar i skulane frå 1.8.2025, både faste stillingar og vikariat. Skriv gjerne ønskje om skule, fag og stillingsprosent i søknaden. Me vil kontakte og intervjue søkjarar med godkjent utdanning fortløpande, så me oppmodar til å ikkje vente med å søkje.
Hå kommune er ein god arbeidsplass for deg som vil undervise i grunnskulen. Me har oppdaterte læreverk etter ny læreplan, og godt digitalt utstyr til elevar og tilsette. Fleire av skulane har nye eller oppgraderte skulebygg.
Skulane våre er veldrivne og prega av samarbeidskultur. Du vil få god opplæring og rettleiing som ny. Nyutdanna lærar får rettleiing i to år. Det første året med nedsett tid og eigen rettleiar på skulen, det andre året i grupper på tvers av skular. Over tid kan du søke om vidareutdanning for å bygge på din undervisningskompetanse.
Skulane i Hå, er saman med Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen. I Jærskulen står me sterke saman som ein region som vil utvikle skulane våre til det beste for elevane. Kommunen samarbeider og med næringsliv og Ungt entreprenørskap for å gjere undervisning enda meir relevant og spennande.
Åtte av våre ni grunnskular ligg langs jernbanen, og det er perfekt viss du ønskjer å pendle med tog. Vil du bruke bil, har me gratis parkering ved alle skulane våre.
Kvalifikasjonar og kompetanse
Me er på jakt etter engasjerte lærarar som har evne til å formidle, samarbeide, skape dialog, bygge relasjonar og til å leie klassar og grupper. Du må ha godkjend utdanning for å undervise i grunnskulen og relevant fagkompetanse. Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Kontaktpersonar
Dersom du ønsker meir informasjon om arbeid i Hå kommune, kan du ta kontakt med skulesjef eller med rektor på den enkelte skule:
SKULE |
REKTOR |
TELEFON |
Bø skule |
Ingrid Marie Særheim |
41 53 26 94 |
Høyland skule |
Anne Gunn Feed Jakobsen |
95 96 42 29 |
Motland skule |
Synnøve Helleren Malmin |
90 13 25 55 |
Nærbø ungdomsskule |
Linda Hadland Forsmo |
92 01 71 87 |
Ogna skule |
Helge Håland |
41 53 26 15 |
Varhaug skule |
Johan Omland |
41 53 26 93 |
Varhaug ungdomsskule |
Kris Medhus Georgsen |
90 69 01 32 |
Vigrestad skule |
Ingrid Vold |
93 09 71 30 |
Vigrestad storskule |
Seri Refsnes |
41 53 26 56 |
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
12.02.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6016601Se her for andre jobber fra Hå kommune