• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    28.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6678024
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Barne-og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar, ledig vikariat ved Valderøy barneskule, Basen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100% vikariat, som barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Basen på Valderøy barneskule for skuleåret 2026/2027. Søkjarar med teiknspråk-kompetanse vil bli prioritert. Vi ønskjer tiltreding i stillinga så fort som mogleg.

Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i Basen. Basen er ei avdeling for born med ulike former for psykisk utviklingshemming, alle med stort behov for støtte og tilrettelegging i kvardagen. Saman jobbar pedagogane og fagarbeidarane for at borna skal ha gode dagar og størst mogleg utvikling innanfor sine rammer.

Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidarar, men anna relevant utdanning og erfaring kan og vere aktuell. Søkjarar med teiknspråkkompetanse vil bli prioritert.
  • Kunne bygge gode, trygge relasjonar og stå i utfordringar.
  • Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Gjerne erfaring med ASK for non-verbale born.
  • God digital kompetanse. 

Personlige egenskaper:

  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
  • Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
  • Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
  • Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
  • Gode samarbeidsevne med barn og vaksne. 

Vi tilbyr:

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    28.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6678024
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune