• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    24.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6343709
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Barne- og ungdomsarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bygstad barnehage ligg landleg til med mange turområde i nærmiljø. Vi har eit godt bygg, med god plass. 
Barnehageåret 2025 – 2026 har barnehagen 3 avdelingar i drift, ei småbarnsavdeling, ei avdeling med både små- og store barn, og ei avdeling for store barn. 
Bygstad skule og Bygstadhallen ligg rett attmed barnehagen, og vi nyttar oss av begge deler. Vi har ei grillhytte i skogen, der alle i barnehagen har lett tilkomst.

Vi har ledig:
  • 55 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar 
Krav til søkar:
  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Andre med interesse for arbeid i barnehage kan søke kan søke på stillinga.
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Du må legge fram gyldig politiattest av ny dato før du tiltrer stillinga. 

Vi søker deg som:
  • er flink til å planlegge og gjennomføre pedagogisk arbeid, og å arbeide målretta for å fremje læring og opplæring
  • nyttar digitale verktøy på ein trygg måte i det daglege arbeidet
  • kan bygge tillitsfulle og varme relasjonar med barn og vaksne, og viser omsorg i møte med andre
  • har tryggleik og erfaring i å rettleie enkeltbarn og leie barnegrupper på ein inkluderande og utviklande måte
  • tek ansvar for eigne oppgåver, og samarbeider godt i team
  • bidreg med idéar og løysingar som fremjar utvikling og eit godt fagleg miljø
Barnehagen kan tilby deg: 
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og stabile medarbeidarar
  • vi legg vekt på humor og det å by på seg sjølv
  • å bli del av eit team med fagleg utvikling og læring
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Velkome som søkar!

Du må søke elektronisk.

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    24.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6343709
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune