Ledig stilling

Ål Kommune

Pedagogisk leiar

Offentlig forvaltning

Ål kommune har ledig fleire 100% faste stillingar som pedagogisk leiar i ulike barnehagar, og med ulike oppstartsdatoar; frå oppstart snarast til oppstart 01.01.26.

I Ål kommune er det fem kommunale barnehagar. Barnehagane varierer i storleik, frå 2 til 6 avdelingar og er lokalisert både i sentrum og ute i grendene.

Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar, barnevernspedagog, vernepleiar eller anna relevant godkjent utdanning på bachelor-nivå.
  • Kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage.

Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som

  • Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
  • Er glad i barn og har evne til å arbeide tett på barn.
  • Er ein leikande vaksen, som har høg respekt for leiken til barna.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God evne til munnleg og skriftleg framstilling på norsk.
  • Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Ein barnehage med eit godt fagleg miljø.
  • Ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen.
  • Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
  • Rabattert treningssenter – ta vare på deg sjølv, også!
  • Løn etter tariff og gode pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.

Politiattest og søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje eldre enn tre månader.
  • Kommunen følger offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar!