• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    01.01.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6480302
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Avdelingsleiar for bu og miljø i Balestrand

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bu- og miljøtenesta i Balestrand søkjer ein leiar som vil vere tett på folk, tett på fag og tett på utviklinga av gode tenester.

Me treng deg som vil vere med og skape ein trygg og meiningsfull kvardag for innbyggjarar med ulike funksjonsnedsettingar, og ein arbeidsplass der medarbeidarane får vekse.

Tenesta omfattar tre avdelingar og eitt aktivitetssenter, og blir leia av to likeverdige avdelingsleiarar. Du blir ein del av eit erfarent og støttande leiarteam 

Arbeidsoppgåver
I denne rollen får du ansvar for både retning og rytme i kvardagen. Du skal mellom anna:

  • Leie den daglege drifta av bustadene i Balestrand
  • Ha personalansvar for engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Følgje opp økonomi, budsjett og ressursbruk
  • Sørgje for at tenestene er i tråd med lovverk og faglege krav
  • Utvikle gode arbeidsformer og berekraftige tenester
  • Bidra til eit arbeidsmiljø prega av tillit, læring og fagleg styrke

Kven ser me etter?
Me ser etter ein leiar som både er varm og tydeleg, og som trivst i ein kvardag som endrar seg. Du får ting gjort, men du gjer det gjennom involvering, fagleg tryggleik og gode relasjonar. 

Me forventar at du

  • Har høgare utdanning innan helse eller sosialfag (minimum bachelor)
  • Kjenner lovverk og faglege retningslinjer godt
  • Kan bruke digitale verktøy som ein naturleg del av arbeidskvardagen
  • Kommuniserer tydeleg og skaper tillit
  • Er lærevillig, nysgjerrig og trygg
  • Har evne til å sjå både detaljar og heilskap
  • Gjerne har erfaring frå prosjektarbeid eller teamleiing
  • Engasjement for endring og utviklingsarbeid

Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. Me trur at riktig person kan lære mykje, så lenge viljen, vurderingsevna og haldningane er på plass. 

Me tilbyr

  • Ei meiningsfull leiarstilling der du får påverke utviklinga av tenestene
  • Eit fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale og pensjonsordning i klp 

Me ønskjer at arbeidsplassen skal spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Det er seks månaders prøvetid i stillinga.

Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde etter offentleglova § 25. Søkjarar blir varsla dersom det skjer.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    01.01.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6480302
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune