Företag
Gol kommuneAnsökningstiden
23.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3550, GOL
GOL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6044661Se här för andra jobb från Gol kommune
Gol kommune
Avdelingsleiar for 8.-10 trinn ved Gol skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 5.000 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit barnevenleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar.
Gol skule er ein topp moderne 1-10 skule som var ny hausten 2016. Skulen har i underkant av 500 elevar. Det er 95 tilsette,
av dette 66 lærarar. Kulturskulen har tilhald i same bygget.
Skulen er leia av rektor, avdelingsleiar småskuletrinn og SFO, avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar ungdomstrinn.
Gol skule arbeider etter ein kvalitetsplan der visjonen er «Alle skal med». Vi er ein lærande organisasjon og satsar på tilsette med høg relasjonskompetane og ein inkluderande praksis.
Avdelingsleiar for 8.-10 trinn ved Gol skule
• Det er ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for ungdomstrinnet ved Gol skule frå 1/8-25.
• Administrasjonsressursen er på 550%. Den er fordelt på rektor og tre avdelingsleiarar; avdelingsleiar småskuletrinn og SFO, avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar ungdomstrinn. I tillegg kjem fagleiar individuell tilrettelegging og fagleiar skulemiljø.
• Skulen har kontormedarbeidarar i 160% stilling
• Avdelingsleiar har rektor som næraste overordna.
• Avdelingsleiaren har ansvar for ungdomstrinnet si daglege drift. I det ligg det å bistå rektor i utviklingsarbeid, ha personal -og vikaransvar, utarbeiding av fag- og timeplan m.m på ungdomstrinnet.
• Gol skule arbeider aktivt med pedagogisk utviklingsarbeid. Skulen arbeider med læringsleiing, elevaktive metodar og foreldre som ressurs.
• I tillegg er Gol skule aktivt med både lokalt og regionalt i arbeidet med kompetanseløftet.
Vi søkjer etter ein avdelingsleiar som:
• Kan begeistre og motivere elevar, foreldre og tilsette slik at elevane får betre fagleg og sosial framgang som utøver pedagogisk leiing gjennom tydelege føringar for skulen sitt læringsarbeid
• Kan vera med å leie ein organisasjon der personalet opplever at dei er ein del av eit fellesskap, og ikkje står åleine med ansvaret for læringsresultatet
• Evnar å utnytte skulen sine materielle og menneskelege ressursar i ein felles retning
• Har pedagogisk utdanning og erfaring
• Har god evne til skriftleg og munnleg framstilling.
• Har gode leiareigenskapar
• Har leiarutdanning, eller som vil ta slik utdanning
Personlege eigenskaper som vert vektlagt:
• Er en varm og tydelig relasjonsbygger
• Er ansvarsbevisst og løysingsorientert
• Er strukturert og evner å ha god oversikt
• Har gode samarbeidsevner
• Har stor arbeidskapasitet
• Er robust og tåler høgt tempo over tid
Vi tilbyr:
• Ein skule der elevar og dei tilsette trivst
• Ein variert og utfordrande leiarjobb
• Lokalt og regionalt leiarnettverk
• Gratis trening i Gol idrettsarena for tilsette
Løn etter avtale.
Annet:
• Gyldig politiattest må legges frem
• Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
• Godkjente kopier av vitnemål og attester må tas med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir regnet ut i fra disse.
• I skjemaet er det mulig å krysse av for at søknaden ikke skal bli offentliggjort. Dersom du ønsker at søknaden ikke skal bli offentliggjort må du begrunne dette. Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkere likevel kan bli offentliggjort, jamfør offentliglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på forhånd slik at du har mulighet til å trekke søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir brukt.
• Alle søkere vil få kvittering på at søknaden er mottatt dersom det er fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
For meir informasjon, ta kontakt med rektor Morten Lien
Telefon 32029241/906744673
Företag
Gol kommuneAnsökningstiden
23.02.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3550, GOL
GOL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6044661Se här för andra jobb från Gol kommune