• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    13.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6043290
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Avdelingsleiar ved Valderøy barneskule - Basen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Giske kommune oppretter ei fast 100% stilling som avdelingsleiar for Basen, forsterka spesialpedagogisk avdeling, ved Valderøy barneskule, med oppstart august 2025, gjerne tidlegare. Bur det ein leiar i deg, og brenn du for å utvikle tilbodet for barn med behov for omfattande tilrettelegging? 

Opplæringstilbodet i Basen vil vere eit tilbod for elevar frå 1.-10. trinn, med Giske kommune som opptaksområde. Målet for arbeidet i basen er at elevane våre skal få erfare meistring og individuell utvikling, med utgangspunkt i det eleven kan. Basen skal utgjere eit inkluderende fellesskap, i tett samarbeid med trinn og klasser. Avdelinga gir eit heildagstilbod.

Avdelingsleiar i Basen vil vere ein del av skulen si leiargruppe i lag med 3 andre avdelingsleiarar og SFO-leiar. Undervisninsdelen i stillinga er 50 %. Leiardelen av stillinga utgjer 50%  og inneber personalansvar, leiing av pedagogisk utviklingsarbeid, rettleiing, fagansvar og medansvar for ressursdisponering og økonomi. Stillinga er berekna som normalarbeidår.

Leiargruppa har i lag ansvar for skulen si pedagogiske utvikling og resultat. Valderøy barneskule er i dag ein 1 - 7 skule med 450 elevar. Det er ein moderne og godt utstyrt skule organisert i fire avdelingar.

Oppvekstsektoren i Giske kommune har visjonen «Det var bra eg kom» med fokus på eleven si erfaring i møtet med barnehage og skule.
Valderøy barneskule sin visjon er «Med hjarte for læring». Visjonen vår skal synleggjere vårt lærings-menneskesyn. Vi har fokus på læring i eit vidt perspektiv som skal romme alle elevane våre.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Gyldig politiattest må leggast fram. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.

Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Barnehagelærar, grunnskulelærar eller ev. anna relevant pedagogisk utdanning.
  • Relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år.
  • Utdanning og erfaring frå spesialpedagogisk undervisning/opplæring av arbeid med barn med store og omfattande behov for tilrettelegging.
  • Bør ha kompetanse i ASK.  
  • Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid.
  • God digital kompetanse.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Førarkort for bil.

Personlige egenskaper:

  • Er ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring
  • Er lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
  • Er tydeleg og handlekraftig
  • Er ryddig og strukturert
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har samhandlingskompetanse

Vi tilbyr:

  • Ein spanande arbeidsplass med læring og meistring i sentrum, der du blir ein del av ei leiargruppe med ei verdsetjande og inkluderande tilnærming.
  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
  • Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette og leiarkollegaer

    Giske kommune sine verdiar er: 
  • Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
  • Løsingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
  • Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
  • Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
   

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    13.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6043290
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune