• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4671278
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Avdelingsleiar Ambulerande tenester

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

Vi har ledig stilling som avdelingsleiar for Ambulerande tenester i Alver kommune. Ambulerande tenester gjev tenester i form av råd, rettleiing, helsehjelp og praktisk hjelp i heimane til personar med nedsett funksjonsevne. Avdelinga har også ansvar for støttekontakttenesta i Alver kommune. 

Som leiar har du heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Avdelingsleiar deltar i leiargruppa for Habiliteringstenester saman med 9 andre avdelingsleiarar og tenesteleiar. Som avdelingsleiar er du med på å utforme, kvalitetssikre og vidareutvikle desse tenestene i Alver kommune, samtidig som du vil bidra i vårt samfunnsoppdrag; å yta gode tenester til innbyggjarane. Som avdelingsleiar i Alver kommune er du unnateke arbeidstidsbestemmingane. Arbeidsplassen er på Frekhaug.

Avdelingsleiar i Habiliteringstenesta  

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under Habiliteringstenester finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

 Arbeidsoppgåver 

  • Dagleg leiing, drift og kvalitetssikring av tenestene 

  • Sikre tenester av høg fagleg og etisk kvalitet i tråd med lover og reglar, basert på kunnskapsbasert praksis 

  • Arbeide med kontinuerleg forbetring og utvikling 

  • Oppfølging, ivaretaking og rettleiing av tenesteytarane 

  • Samarbeide med andre leiarar om utvikling av tenesteområdet 

  • Leggje til rette for godt samarbeid med andre tenesteområde og sektorar, spesialisthelsetenesta, pårørande og andre samarbeidspartar 

Kompetansekrav  

  • Autorisert vernepleiar 

  • Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne 

  • Erfaring med IT som arbeidsverktøy 

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne  

Ønskt kompetanse 

  • Leiarutdanning og/eller erfaring innan kommunal helse- og omsorgsteneste  

  • Kjennskap til turnusarbeid og turnusprogram 

  • Personlege eigenskap vert vektlagt 

Personlege eigenskapar 

Du er strukturert, har stor arbeidskapasitet, samt evne til å trivast i ein travel og uforutsigbar arbeidssituasjon. Du har god og tydleg formidlingsevne både skriftleg og munnleg. Du evner og har forutsetningar for å skape gode relasjonar og godt internt/eksternt klima for samarbeid. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi tilbyr 

  • Ein spanande jobb i ein relativt ny organisasjon 

  • Deltaking i arbeidet med å utforme og utvikle gode tenester til personar med utviklingshemming for framtida 

  • Eit arbeidsmiljø som legg vekt på trivsel og engasjement 

  • Tenesteytarar med erfaring og høg kompetanse 

  • Ei leiargruppe som samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre 

  • Løn etter avtale 

  • Oppstart etter avtale 

  • Pensjonsordning i KLP

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4671278
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune