Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
23.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Steinsland
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6591812Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Avdelingsleiar 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om Sund ungdomsskule - med røter i fjæra og retning mot framtida
Sund ungdomsskule er ein offentleg grunnskule som ligg sør i Øygarden kommune, i den delen som fram til 2020 var Sund kommune. Til hausten blir vi rundt 350 elevar fordelt på 15 klassar, og vi er rundt 50 tilsette. Elevane som går på Sund ungdomsskule kjem frå barneskulene Stranda, Spildepollen og Skogsvåg. Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar, som er ansvarlege for kvart sitt trinn.
Hos oss på Sund ungdomsskule får du vera med på å gjera ein forskjell. Du får vera med å skapa eit godt miljø for elevane og bidra til at dei får ein triveleg skulekvardag. I leiargruppa får du ta del i utviklingsarbeidet «Vår tids skule» knytt til visjonen vår “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida”. Skulen er opptatt av karakterbygging og identitet. Dette passar godt inn i arbeidet med den nye læreplanen, som skal vera eit verdiløft for skulen: Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag,- den skal både danna og utdanna. Vi jobbar for meir elevmedverknad og for ei meir praktisk og variert undervisning for elevane våre, der tverrfaglegheit og tid til å gå i djupna på dei ulike emna blir viktig. Vil du vera med å skapa retning mot framtida?
Vi som arbeider her, trivst i kvarandre sitt selskap og finn på kjekke ting saman, både i og utanfor arbeidstida. Kollegiet ved skulen er godt kvalifisert og har høg kompetanse. Det å delta i eit profesjonelt læringsfellesskap der ein utvekslar gode idear og tankar saman med dyktige folk, bidrar til både godt lærings- og arbeidsmiljø.
For oss er det viktig at alle skal ha ei god oppleving av skuletida si, og at dei tre åra hos oss skal bli til gode minne. Vi er ein Mot-skule, og vi nyttar både MOT sitt grunnprogram "Robust 12-16" og MOT sitt påbyggingsprogram "Skolen som samfunnsbygger".
Arbeidsoppgåver:
Vera del av skulen og kommunen sine leiarteam.
Pedagogisk leiing og bidra til gode læringsprosessar i organisasjonen.
Leggja til rette for pedagogisk utviklingsarbeid og delta i eit lærande fellesskap.
Samarbeida med andre tenester og deltaking i skulen sitt tverrfaglege samarbeid.
Følgja opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling.
Dialog med føresette.
Administrative oppgåver.
Personaloppfølging.
Delar av stillinga er undervisning.
Kvalifikasjonar
Må ha:
- Undervisningskompetanse frå grunnskule.
- Erfaring frå utviklingsarbeid.
- Pedagogisk kompetanse.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:
Vi ønskjer ein avdelingsleiar som:
- Ser på dei tilsette som ressursar.
- Kan leia utviklingsarbeid.
- Orienterer seg i pedagogisk utviklingsarbeid.
- Er ein god relasjonsbyggar.
- Tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen.
- Har gode evner til å samarbeida, lytta, rettleia og inspirera.
- Er ein motiverande og inspirerande leiar.
- Har gode digitale kunnskapar og kan vera med på å utvikla skulen sitt digitale arbeid.
- Er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- IA-bedrift.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Interessante utfordringar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
Vikariat frå 01.08.2026 til 04.06.2027
Kontakt:
Rektor - Anne Hufthammer tlf: 90984271 E-post: anne.hufthammer@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA- verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter søknadsfrist, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan vurderast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar etter regelverk, dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom ynskje ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
23.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Steinsland
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6591812Se her for andre jobber fra Øygarden kommune